Den tyske matvarekjeda Lidl har fått mykje merksemd i norske media siste året. Kjeda har mellom anna blitt skulda for dårleg personalpolitikk.
PR-stunt
Neste veke går altså dørene opp på dei første ti butikkane her i landet. Ein av dei ligg i Ålesund, og ordførarane har blitt invitert, saman med pressa, til opning dagen før kundane får sleppe til. Dette kallar Geelmuyden.Kiese eit fantastisk PR-stunt som sikrar butikken avisomtale den dagen Lidl faktisk byrjar å selje sine varer. Ingen av ordførarane i dei ti kommunane har takka nei til å vere med på dette. Ordførar Arve Tonning seier oppdraget han har fått er på lik linje med andre oppdrag. Han stiller opp fordi han meiner det er ein ordførar si oppgåve å vere med på å markere utvikling og nyskaping i byen.
Nyttig idiot
Geelmuyden.Kise meiner ordførarar som er med på opplegget til Lidl er nyttige idiotar for matvaregiganten, den påstanden tilbakeviser Tonning.