Hopp til innhold

Solskjær: – Vi skal overraske Steaua positivt

Halvvegs inn i gruppespelet i Europaligaen, er Molde nummer tre med tre poeng. Med tap heime mot Steaua Bucuresti torsdag kveld, kan avansement bli svært tøft. Det er mogleg uansett utfall, meiner Ole Gunnar Solskjær.

Ole Gunnar Solskjær

I Romania stilte Ole Gunnar Solskjær med eit svært ungt Molde-mannskap. Innsatsen frå unggutane, mellom andre Eirik Hestad (t.v.) var god, men det blei tap 2–0 mot sterke rumenarar. På heimebane blir det meir rutine.

Foto: Djorovic, Aleksandar / SCANPIX / NTB scanpix

– Det er ikkje vere, eller ikkje vere, men med siger har vi ei kjempemoglegheit til å gå vidare.

Det seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til Molde sine heimesider.

Han meiner to sigrar, på dei tre siste kampane, er nok for å avansere vidare frå gruppespelet i Europaligaen.

I augneblinken leiar rumenske Steaua Bucuresti gruppa med sju poeng, medan København har fire poeng. Molde har tre, med tyske Stuttgart er sist med to.

Solskjær ser på heimekampane mot Steaua Bucuresti og København som nøkkelkampane.

– Stuttgart har ikkje tapt sidan vi møtte dei

For bortekampen mot Stuttgart ser han på som svært tøff.

– Steaua er nok favorittar til å gå vidare, men Stuttgart har kome i form no. Sidan vi møtte dei har dei ikkje tapt éin einaste kamp, seier Solskjær på spørsmål om kveldens motstandar er den tøffaste i gruppa.

– Så i kveld håper eg på uavgjort i København.

I eigen kamp på Aker Stadion trur han heimefordelen har mykje å seie.

– Det blir ein annleis kamp enn i Romania. Vi har heimepublikum bak oss, med ei plikt om å angripe, underhalde og lage ei oppleving. Og så har vi vêret med oss. Dei kjem frå sol og 20 grader i Bucuresti, til rundt null grader her i Noreg, seier Solskjær.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad går inn som kaptein mot Steaua Bucuresti.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Meir rutine

I Romania stilte Molde-manageren eit svært ungt mannskap, der det blei tap 2–0.

No blir det rutine frå start.

– Vi set nok ikkje ny rekord i forhold til gjennomsnittsalder.

– Daniel (journ. anm. Berg Hestad) startar, så då blir gjennomsnittsalderen automatisk høgare, flirer Solskjær.

– Tenkjer to kampar samtidig

Tidlegare har Solskjær både sagt og sett Eliteserien fremst. No blir det tilnærma toppa lag mot Steaua Bucuresti, trass i ein viktig kamp mot Hønefoss til helga.

– Eg tenkjer to kampar samtidig. Hønefoss blir ein viktig kamp, men det er òg viktig med gode resultat og erfaringar i Europa.

Og med ei moglegheit for avansement i sikte, har Solskjær eit mål på heimebane.

– Vi har lyst til å køyre over dei. Ein prestasjon som mot Heerenveen og Stuttgart er mogleg, dersom det defensive sit, avsluttar Solskjær.

Følg kampen direkte her på NRK.no klokka 19.00.