Hopp til innhold

– Ikkje noko giftdeponi om det ikkje er trygt

Selskapet Bergmesteren Raudsand, som vil etablere giftdeponi på Rausand i Nesset, tek no til motmæle mot dei som er skeptiske til planane. Mange fryktar utslepp til naturen og er redd for at Nesset skal bli kalla giftkommune nummer éin i Noreg.

Avfallsdeponi i Rausand

Selskapet Bergmesteren kjøpte området med dei gamle gruvene på Raudsand i 2006. No vil dei byggje store fjellhallar i området som skal brukast som giftdeponi.

Foto: Bergmesteren Raudsand

Det er selskapet Bergmesteren Raudsand som har planar om å bygge ei deponi for farleg avfall frå store deler av Europa på Rausand i Nesset. Planane om store fjellhallar har skapt sterk debatt og stor motstand. No seier leiaren i selskapet, Harald Storvik, at planane blir stoppa om det viser seg å vere farleg å bruke området til deponi for gift.

Harald Storvik

Harald Storvik er dagleg leiar i selskapet Bergmesteren.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vent og sjå på kva som blir konklusjonen til fagorgana. Det går framleis føre seg utgreiingar og det er myndigheitene som skal ta den endelege avgjerda, seier Storvik til NRK.

Men de som skal tene pengar på dette vil vel byggje dette uansett?

Nei. Det er ikkje aktuelt å byggje dette om det er tvil ved det vi held på med. Vi får heller ikkje investorar til å setje pengar i dette om det skulle vere fare for at dette kan gå gale.

Store fjellhallar

Inne i fjellet på Raudsand skal det byggast enorme fjellhallar. Om planane blir gjennomførte skal det lagrast store mengder giftig avfall frå for store deler av Nord-Europa. Det er selskapet Bergmesteren som står bak planane.

– Etter det vi veit no representerer planane våre ikkje nokon fare. Saka er ikkje ferdig greia ut enno. Den er ikkje ferdig før i oktober. Så langt viser undersøkingane at fjellet er av god kvalitet. Det er grov, granittisk gneis, seier Harald Storvik.

Raudsand

Dette avfallet ligg att i avfallsdeponi etter tidlegare verksemd på Raudsand. Bergmesteren Raudsand ønskjer å rydde opp i dette.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Miljømotstand

Planane har likevel møtt motstand. Blant andre har Miljøpartiet de Grønne uttalt stor skepsis til at giftdeponiet skal ligge på Rausand. Dette partiet er særleg opptekne av faren for uhell under transport til og frå området.

– Eit uhell under transport eller omlasting kan få vidtrekkande miljøskadar på fiskeressursar og gyteområde, heiter det i ei fråsegn frå partiet.

Også fleire politikarar i nabokommunane har blitt skeptiske. Fleire er redde for lekkasjar frå fjellhallane.

– Det er heilt klart fare for lekkasje ned i fjordsystemet vårt og vi veit at fjellet i dag lek som ein sil. Eg er ikkje trygg på at det blir fritt for lekkasje også om ein byggjer nye hallar, sa Jonny Meland (Ap) til NRK i slutten av mars i år.

– Omfattande utgreiingar

Det er NGU som har stått for undersøkingane av fjellet. Det er gjennomført eit omfattande boreprogram.

– Det er viktig for oss at dette blir greia ut hundre prosent. Vi skal vite alt om vasstraumar, grunnvatn og kva retningar ting i fjellet bevegar seg, seier Storvik.

Selskapet Bergmesteren skal altså ikkje bruke dei gamle gruvene på Raudsand. Hallane skal ligge om lag på same høgde som havflata.

– Hallane skal ligge i ein heilt annan geologisk formasjon enn dei gamle gruvene. Det som er av lekkasje i dei gamle gruvene handlar om lekkasje av sjøvatn frå fjorden og inn i gruvene. Vi har kontroll på det som renn ut. Det renn kontrollert ut gjennom eit røyrsystem, seier Storvik.

– Skal rydde i gamle miljøsynder

Bergmesteren kjøpte området i 2006 og har brukt tida fram til no med å få oversikt over området. Det tidlegare selskapet gjekk konkurs, og det står mykje arbeid att for å få rydda opp i gamle miljøsynder.

– Det må gjerast eit oppryddingsarbeid. Det kan ikkje ligge slik som det gjer i dag. Vi skal ha fullstendig kontroll på avrenningane og vi ønskjer å sette området i stand, seier Storvik.