NRK Meny
Normal

Homofil klokkar: – Ikkje meld deg ut av kyrkja

Klokkar og kyrkjetenar i Sande på Sunnmøre, Olav Myklebust, meiner det er feil å melde seg ut av kyrkja, sjølv om Kyrkjemøtet tysdag sa nei til å vigsle homofile.

Olav Myklebust

Olav Myklebust er homofil og jobbar som klokkar og kyrkjetenar i Sande på Sunnmøre. Det kyrkjelege engasjementet hans har ikkje blitt øydelagt av Kyrkjemøtet sitt nei til viing av homofile.

– Kyrkja har godt av å vite at det er folk i kyrkja føler på same måte som eg gjer. Det er viktig å både kunne vere medlem av kyrkja, og samstundes kunne leve slik kjenner på seg at ein at ein må leve, seier Myklebust, som sjølv er homofil.

Kyrkja er ein viktig del av meg, på same måte som det er ein viktig del av meg å kunne vere ærleg med meg sjølv om kven eg er.

Olav Myklebust

Tysdag avgjorde eit fleirtal på Kyrkjemøtet, 64 mot 51 stemmer, at Den norske kyrkje ikkje skal vie eller gå i forbøn for lesbiske og homofile. Resultatet har vakt sterke reaksjonar.

Kjempar for haldningsendring

Myklebust er skuffa over vedtaket, men vil heller kjempe for ei endring innanfor kyrkja enn utanfor. Han meiner det er den beste måten å vise både kyrkja og folk elles at dei homofile finst.

– Eg har vakse opp i kyrkja og føler meg heime i kyrkja. Det er ein viktig del av meg, på same måte som det er ein viktig del å kunne vere ærleg med meg sjølv om kven eg er. Då er det viktig å kunne kombinere desse to syna, og kunne vere ein del av kyrkja sjølv om det ikkje er fullt ut akseptert, seier han.

Is i magen

Hareid kyrkje

Fleire har meldt seg ut av Den norske kyrkje etter at det Kyrkjemøtet sa nei til viing av homofile. Bildet er av Hareid kyrkje på Sunnmøre.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK

Kyrkjetenaren kan godt forstå at fleire no vel å melde seg ut av kyrkja. Rådet hans til dei som er opprørte, er likevel å ha is i magen.

Myklebust, som òg er leiar i Sande kyrkjelege fellesråd, trur det er spørsmål om tid før kyrkja må gi alle same menneskeverd.

– Eg trur den generelle haldninga i samfunnet viser at kyrkja er på veg mot å erkjenne det at homofile finst både utanfor og i kyrkja. Og at det er noko å ta vare på. Eg trur derfor tida jobbar for vårt syn i dette spørsmålet.