Hopp til innhold

– Eg merkar at det ikkje er like enkelt å score

Tor Erik Torske er ein merittert Kristiansund-spelar, men i opprykkssesongen 2012 spelte han 3. divisjonsfotball for moderklubben Sunndal. Nivåforskjellen er veldig merkbar.

Tor Erik Torske avgjer mot Sandefjord

Tor Erik Torske blei den store helten i førre heimekamp, då Sandefjord gjesta Idrett. Søndag klokka 18.00 er Bryne motstandar for Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

I 2012 blei sunndalingen toppscorar i 3. divisjon i Møre og Romsdal.

Tor Erik Torske beina 33 fotballar i mål, over éin tredjedel av Sunndal sine 90 scoringar. At Sunndal enda på andreplass var Torske ein svært stor del av.

For etter 2011-sesongen, nok eit år med nestenopprykk i Kristiansund, trappa 29-åringen ned på grunn av familie og jobb.

Då opprykket var eit faktum i 2012 var KBK-trenar Geir Bakke snar med å hente Torske tilbake til klubben.

Geir Bakke

KBK-trenar Geir Bakke har tre sentrale spelarar, i Jean Alassane Mendy, Jan Banan Tømmernes og Roger Risholt, ute med skadar.

Foto: Fridtjof Bjerkås

Merkar nivået

Så langt er Torske KBK sin toppscorar, med to mål. Spissane Jean Alassane Mendy og Jan Banan Tømmernes har derimot vore ute med skader i dei fleste kampane.

– Vi har fått nokre skadar, mellom anna på to av spissane våre. Og så fekk Roger Risholt seg ein liten strekk i sist kamp, meddeler Torske.

For 1. divisjon tek på. Kristiansund har langt frå gjort seg bort, med 10 poeng på seks kampar. Likevel merkar ein nivåforskjellen.

– Mot Mjøndalen klarte vi ikkje å stå imot. Vi møtte eit svært godt lag på bortebane, seier KBK-angriparen om 2-1-tapet torsdag.

– Vi er nyopprykka, det må vi ikkje gløyme. Det er surt å tape, men det var ein grei match.

– Lovar bra

Torske synest sesongopninga er godkjent.

– Vi har levert bra, og det lovar bra for resten av sesongen. Det blir nok mange jamne, tøffe kampar, der vi må få bikka dei i vår favør.

For hans eigen del er toppscorartittelen langt frå eit must å halde på, sjølv om han herja lista i 3. divisjon.

– Hehe, nei, eg har eigentleg ikkje eit mål om å bli KBK sin toppscorar, meddeler han.

For han trivst best på kanten, sjølv om han den siste tida har blitt flytta inn meir sentralt i angrepet.

– Eg skal score så ofte eg kan, men eg merkar at det ikkje er like enkelt som tidlegare. I alle fall samanlikna med 3. divisjon i fjor. No må vi verkeleg ta vare på sjansane vi får, avsluttar Torske, som oppfordrar flest mogleg om å ta turen til Idrett klokka 18.00.