– Ikkje behov for statlege føringar

Stortingspolitikar Jenny Klinge (Sp) har fått svar på det skriftlege spørsmålet der ho bad kunnskapsministeren la ungdomen sove lenger på morgonen. I svaret kjem det fram at kunnskapsministeren meiner at slike vurderingar skal skje lokalt, av skuleeigaren i samråd med brukargruppene som blir påverka. – Eg er positiv til at skuleeigarar og skular gjennomfører forsøk, men det er ikkje behov for statlege føringar om kva tid skuledagen skal starte eller slutte, skriv Jan Tore Sanner (H) i sitt svar.

Jan Tore Sanner
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix