Hopp til innhold

– Ikkje behov for ny skule

Det er ikkje nok som tilseier at det er behov for ei ny privat vidaregåande skule på Hareid. Det seier fylkestingspolitikar frå Ulstein, Hanne Notøy (Ap), til Vikebladet Vestposten. Måndag kom nyheita om at Abdi og Aske AS saman med privatpersonen Knut Strømsjordet vil starte ein skule med inntil 240 elevar i Melshorn hotell sine lokale i Hareid sentrum. Skulen skal for det meste tilby yrkesfag og får namnet Vestavind Yrkesakademi. – Det blir fortalt at dei har gjort god research, men det er eg heller usikker på, seier Notøy til avisa.

Hanne Notøy, Ulstein AP
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL