Hopp til innhold

– Ikkje akseptabelt at innsette truar oss

Ålesund fengsel er ikkje flinke nok til å hjelpe tilsette som vert utsette for vald og trugslar frå dei innsette.

Atle Malmedal

Fengselsførstebetjent ved Ålesund fengsel, Atle Malmedal, seier det er trist at tilsette har opplevd at valds- og trugselepisodar har vorte spøka bort.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Eit besøk frå Arbeidstilsynet i mai fører til at Ålesund fengsel får fleire pålegg om utbetringar for å sikre tryggleiken til dei tilsette.

Tilsette ved fengselet opplever at det ikkje alltid vert tatt seriøst når dei vert utsette for vald og trugslar frå dei innsette. Enkelte tilsette har også opplevd at hendingar har vorte spøka bort, ifølgje rapporten frå Arbeidstilsynet.

– Det er trist. Vi må handtere dette profesjonelt og støtte kvarandre. Å spøke det vekk skal ikkje skje, og det håper eg vi ikkje opplever igjen, seier fengselsførstebetjent og HMS-koordinator ved Ålesund fengsel, Atle Malmedal.

Fare for dei tilsette

Celle Ålesund fengsel

Dei innsatte ved Ålesund fengsel kjem ofte med trugslar mot dei tilsette.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Ålesund fengsel

Ålesund fengsel er eitt av mange fengsel i landet som får kritikk frå arbeidstilsynet.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Heile tre av fire har fått krav om å betre førebyggjinga av at tilsette vert utsette for vald og trugslar, etter at Arbeidstilsynet har gjennomført tilsyn i nesten alle fengsel og friomsorgskontor i landet.

Manglande kartlegging, tiltak og opplæring gjer at Ålesund fengsel må ta grep.

Under tilsynet fortalte tilsette at hendingar ofte vert omtala på vaktrommet, men at dei ikkje alltid vert rapporterte eller mottatt på ein god nok måte av fengselsførstebetjent.

– Her er nulltoleranse for vald og trugslar, men vi må verte flinkare til å tydeleggjere kor grensa går, erkjenner fengselsførstebetjent Malmedal.

– Skal ikkje tole vald og trugslar

Ingrid Finboe Svendsen

Direktør i Arbeidstilsynet, Ingrid Finboe Svendsen, seier det er fullt mogleg å redusere risikoen for dei tilsette i fengsla.

Foto: Arbeidstilsynet

Direktør i Arbeidstilsynet, Ingrid Finboe Svendsen, trur noko av problemet er at nokre hendingar vert opplevde som så daglegdagse at dei tilsette tenkjer at dette er normalt.

– Men ingen skal tenkje at dette er noko ein skal tole i jobben sin. Arbeidsleiar må gjere det som kan gjerast for å beskytte sine tilsette mot vald og trugslar.

Ho peikar også på at ein må kartleggje situasjonane for å kunne førebyggje at det skjer igjen.

– Ein må skaffe seg oversikt over kva som kan utgjere fare, i kva situasjonar faren oppstår, kor stor sannsynlegheit er det for at det oppstår farlege situasjonar og kva konsekvens det får, seier Finboe Svendsen.

– Truar med at dei skal ta oss når dei kjem ut

Arbeidstilsynet kritiserer Ålesund fengsel for å ikkje ha gjennomført noko nyare kartlegging, men ei arbeidshelseundersøkjing frå 2014 viser at 35 % av arbeidstakarane vart utsette for vald og trugslar dei to føregåande åra.

– Tilsette her har fått alvorlege drapstrugslar, trugslar om at dei veit kvar vi bur og om at dei skal ta oss når dei kjem på utsida, fortel fengselsførstebetjent Malmedal.

Men tilsynet avdekka at arbeidsgivar ikkje kunne vise til gjennomførte tiltak eller planar for å redusere risikoen i arbeidet. Det lovar Atle Malmedal at dei skal verte flinkare til.

– Det er alltid ei påkjenning når ein jobbar i eit miljø med vald og trugslar over lang tid og det er ingen arbeidsplassar som skal akseptere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL