NRK Meny
Normal

– Ideane våre er frå Frankrike

Avisteiknaren Roar Hagen frå Ørsta har laga mange kontroversielle teikningar. VG-teiknaren meiner vi har mykje å takke Frankrike for.

VEGA FORLAG "Over streken".

Avisteiknaren Roar Hagen meiner vi må forsvare retten til å publisere kontroversielle ting.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– I fjor feira vi jubileet for 1814. For to hundre år sidan henta vi ideane våre frå Frankrike. Det handlar om ytringsfridom og religionsfridom, seier Roar Hagen til NRK.

Onsdag vart tolv menneske drepne og fleire skadde i terroråtaket mot det franske satirebladet Charlie Hebdo. Bladet har trykt kontroversielle Muhammed-karikaturar.

Kontroversielle teikningar

– Det var ein sorgens dag for Frankrike. Og dermed ein sorgens dag for oss alle, seier Hagen, som sjølv har hatt ein del kontroversielle teikningar på trykk. Han var avisteiknar i Sunnmørsposten og Stavanger Aftenblad før han i 1986 vart tilsett i VG.

Fra utstillingen "Den farlige streken". Tegning: Roar Hagen, VG

Roar Hagen er ein av landets fremste avisteiknarar. Denne teikinga er frå utstillinga 'Den farlege streken'.

Foto: NRK

– Dette er ikkje anna enn kva kristne har vore nøydde til å finne seg i gjennom fleire hundre år. Uansett om vi likar eller ikkje likar dette, må vi for all del støtte opp om og forsvare retten til å publisere kontroversielle ting.

– Åtak på ytringsfridomen

59-åringen har sjølv ofte tenkt: – Vil dette såre? Sparkar eg folk som allereie ligg nede? Her må vi gjere vurderingar kvar einaste dag, seier Roar Hagen, som er president i Avistegnerlauget.

Avisteiknaren ser på tragedien i Paris som eit svært alvorleg åtak på ytringsfridomen. Han trur slikt kan skje over alt:

– Vi her heime har hatt vår terrortragedie. No skjer det i Frankrike. Eg håper folk ser det meiningslause i dette, og at det ikkje skaper endå meir ufred, seier ørstingen Roar Hagen.