Hopp til innhold

– I skvis mellom pasientar og økonomi

Enorme økonomiske overskridingar førte til hastemøte ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal. No fryktar helsepersonell at dei skal hamne i ein skvis mellom å gje pasientar best mogleg behandling og å måtte ta økonomiske omsyn.

Odd Frode Aasen

Odd Frode Aasen er overlege ved sjukehuset i Volda og er hovudtillitsvald i Norsk Overlegeforening i Volda.

Foto: Jan Åge Sundnes / Avisa Møre

Styret i Helse Møre og Romsdal skal i dag ta stilling til korleis dei skal få kontroll over den økonomiske utviklinga i helseføretaket. Til no i år har Helse Møre og Romsdal eit underskot på 94,6 millionar kroner i høve til resultatkravet som er stilt til føretaket. Årsaka er høge medisinkostnader og større utgifter enn budsjettert til løn og innleige av vikarar.

– Vi som arbeider direkte mot pasientane hamnar no i ein skvis mellom kva som er til beste for pasientane og kva helseføretaket har råd til, seier overlege Odd Frode Aasen til NRK.

– Den beste behandlinga for kvar pasient

Aasen arbeider med kreftpasientar, ei pasientgruppe som det no blir peika på når dei økonomiske overskridingane skal forklarast. Berre innanfor behandlinga av kreftpasientar i Møre og Romsdal har det vore ein vekst på over 50 prosent dei fem første månadene i 2017.

– Som behandlande lege må eg til ei kvar tid vurdere kva som er den beste behandlinga eg kan gje til kvar einskild pasient. Nokre pasientar skal ha medisinar der éi einskild behandling kostar opp i 200.000,- kroner. Andre treng behandlingar som berre kostar ein tusenlapp, forklarar Aasen.

Nye dyre medisinar

Det er Beslutningsforum som avgjer kva nye medisinar og behandlingar som kan brukast ved norske sjukehus. Blant anna innan kreftmedisin er det no godkjent å bruke medisinar som er livreddande og livsforlengjande for ei rekkje pasientar. Aasen seier at avgjerder i Beslutningsforum kan gje store utslag på rekneskapen i helseføretaka.

– Det blir ikkje tilført nok pengar til helseføretaka i samband med desse vedtaka. Det heiter seg at det skal gjerast prioriteringar innan kvart einskilt helseføretak. Men som behandlande lege er eg plikta til å ta utgangspunkt i det som er best for pasienten. Som kreftlege kan det godt hende eg blir ein dyr mann for helseføretaket, seier Aasen.

I tillegg til høge medisinkostnader er det lønskostnadene som har vakse seg ut over budsjettrammene.

Vaktene som skal fyllast forsvinn ikkje fordi det er sommar. Og pasientane blir ikkje mindre sjuke fordi det er sommar. At det er høge lønskostnader om sommaren bør ikkje kome som noka overrasking, seier Aasen.

Hastemøte i fleng

Den siste veka har leiinga i Helse Møre og Romsdal gjennomført hastemøte ved sjukehusa i både Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Helse Møre og Romsdal bed også Helse Midt-Noreg om utvida driftskreditt for å bøte på vanskane.

Administrerande direktør Espen Remme opnar no for at det ikkje skal vere medikamentposten det skal sparast på i første omgang, sjølv om det er her kostnadsoverskridingane er store.

– Vi har vore uheldige med måten vi har berekna medikamentkostnadene på. Vi kunne ha truffe betre. Pasientane i Møre og Romsdal skal få den behandlinga dei skal ha. Det er meir på andre varekostnader og ikkje minst lønskostnader vi må ta meir grep. Bemanninga har vakse sjølv om vi har hatt strategiar om å avgrense bemanningsveksten, seier administrerande direktør Espen Remme til NRK.

Overlegen i Volda held likevel fast på at det er pasientens beste som må vere retningsgjevande for arbeidet han driv.

– Vi skjønar at helseføretaket brukar meir pengar enn det som finst i budsjetta. Men i det korte perspektivet er det lite vi som legar kan gjere, sjølv om også vi tenkjer på det praktiske, blant anna ved å behandle pasientar poliklinisk. Men i kvart einaste høve må vi arbeide ut frå det vi meiner er best for kvar einskild pasient, seier Aasen til NRK.

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal behandlar den kritisk vanskelege økonomien i dag onsdag 30. august.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL