Hopp til innhold

– I kveld heier vi på Brasil

Båtfestivalarrangørane i Ålesund er ikkje redde for å ta side framfor kveldens bronsefinalekamp mellom Brasil og Nederland.

samba

SAMBA: Heftige rytmar og spenstige dansetrinn prega Ålesunds gater i dag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

samba

HEIAR PÅ BRASIL: Geir Østensen og Alf Terje Farstad heier på Brasil i kveldens bronsefinale.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Bacalao, samba og fotball, det er jo det som er Ålesund. Vi heier på Brasil, det er klart vi gjer det seie festivalsjef Geir Østensen.

I lag med Alf Terje Farstad har båtfestivalen lagt opp til at fotballen skal prege festivalen.

I dag leda sambadansarar barnetog gjennom byen og lada opp til kamp i kveld. I går var det lokaloppgjer mellom Molde og Ålesund i byen.

– Fotball og båtliv, kan det bli betre seier, dei to og gliser om kapp med sola.

Sjå video nedst i saka.

Brasiliansk lidenskap

Skodda som hang over byen i morgontimane har reist ut i havet når dei brasilianske dansarane drar i gang sambastemning i Ålesund. Tapet mot Tyskland for nokre dagar sidan har også lagt seg som ein skygge over heimlandet til dansarane.

– Men no er det på tide å riste det litt av seg og heie på Brasil i kveld, seier Sanda Alstadsæter i danseensemblet Samba Carioca.

Ifølgje henne er lidenskapen for fotball ein del av den brasilianske kulturen.

– Fotball er ikkje berre fotball, vi heier på heile den brasilianske kulturen med fargane, dansen, temperamentet, ja alt. Det er vanskeleg å forklare kva fotball betyr for brasilianarane, seier ho.

– Fotball, samba og strender det er det som er oss og vi er så stolte av det, held ho fram.

Saka held fram etter bilete.

Samba

SAMBA: Stemning var god i Ålesund sentrum i dag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Tette band mellom Brasil og Ålesund

Arrangørane for båtfestivalen trur mange vil komme til Ålesund for å sjå kamp også i kveld.

– Når vi benkar oss i teltet i kveld, så er det for å heie på Brasil, seier Alf Terje Farstad.

Farstad peikar på det nære bandet som Ålesund og Brasil har utvikla opp i gjennom åra.

– Banda mellom Ålesund og Brasil har vekse seg sterke, ikkje berre gjennom fotballen og alle dei syd-amerikanske spelarane som har prega AaFK, men også gjennom næringslivet her oppe, held han fram

Evige optimistar

Gudmund Fjørtoft går langs toget og lager lyd med effektar som han har tatt med heim frå Brasil. I går kveld kom han til Ålesund etter å ha vore i Rio de Janeiro der

Samba

OPPLEVING: Gudmund Fjørtoft hadde vore i Rio de Janeiro der han fekk oppleve både VM kampar og stemninga på stranda Copa Cabana.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

han fekk oppleve både VM kampar og stemninga på stranda Copa Cabana.

– Det har vore ei ubeskriveleg oppleving. For brasilianarane er fotball religion og dei er optimistar heilt til siste sekund, seier han.

1–7 tapet mot Tyskland var ein stor vonbrot for brasilianarane.

– Det var ein skremmande følelse da folk nærmast flykta frå stranda etter kampen mot Tyskland. Vi stod berre heilt stille og tenkte at vi ikkje blir med på suggesjonen, held han fram.

Heldigvis gjekk det fint. Han er gift med ei dame frå Brasil og elskar landet og fotballen. I kveld skal han i teltet til båtfestivalen og heie på Brasil

– Fest blir det likevel

Samba

LIDENSKAP: Dei brasilianske dansarane skulle gjerne sett Brasil spele i morgondagens VM finale.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Mange tar opp kameraet og smiler mot sambadansarane. No førebur dei seg på bronsefinalen i kveld.

– Men om vi dansar og smiler så er kampen ikkje 100 % for oss, seier Sanda Alstadsæter.

Dansarane skulle likevel ønskje at Brasil hadde kome lenger i meisterskapen.

– Det er ikkje bra nok med bronsefinale, vi skulle ha vore i finalen. Men fest blir det likevel i kveld, og vi skal pynte oss og ingen skal tvile på at vi elskar Brasil, seier dansarane.

Samba i Ålesund gater.