Hopp til innhold

– I dag er 17. mai for katolikkar

Katolikkar i Noreg feira i dag Corpus Christi, ein av dei største festane for katolikkar verda over. I Ålesund vart dagen markert med prosesjon gjennom sentrum.

Katolikkar i Ålesund går prosesjon gjennom Ålesunds gater for å feire Corpus Christi.

PROSESJON: Fleire hundre hadde møtt opp for å følgje prosesjonen gjennom Ålesunds gater. Foto/redigering: Jannicke Susann Farstad.

– I dag feirar vi Corpus Christi, også kjend som festen for Herrens lekam og blod, seier Ole Martin Stamnestrø, sogneadministrator i Vår Frue kyrkjelyd.

prest

NØGD: Ole Martin Stamnestrø var nøgd med dagens feiring.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Dette er andre året at den katolske kyrkjelyden i Ålesund feirar Corpus Christi på denne måten. Dagen blei markert først med ei høgmesse, før dei gjekk prosesjon gjennom Ålesunds gater.

– Dette er ein tradisjon som mange av våre medlem er vande med frå sine eigne heimland. Det er ein slags 17. mai for katolikkar, seier Stamnestrø.

Mangfald

Den katolske kyrkja har medlemmar frå omtrent 75 land, og i Ålesundsområdet finst det nærare fire tusen medlem, med ulike nasjonalitetar. Den katolske kyrkjelyden hadde fått låne Ålesund kyrkje i høve feiringa.

Kyrkjelyden har vakse raskt dei siste åra, og har sjeldan plass til alle i si eiga kyrkje. Stamnestrø var glad for at dei kunne få samle heile kyrkjelyden på den store dagen.

jente

VIKTIG: Trisha Masocol tykkjer det er viktig at katolikkar i Ålesund kan samlast for å feire Corpus Christi.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi har blitt så mange at det ofte delt inn i polske, norske og engelske messer, så dette er eit fint høve for oss å kome saman. I tillegg bor vi i eit land der katolikkar er i mindretal, så eg trur det er viktig at dei kan møtes og feire denne dagen i lag, seier Stamnestrø.

Trisha Masocol var ein av dei mange som hadde tatt turen til Ålesund kyrkje i dag, for å feire Corpus Christi. Ho tykkjer det er bra at katolikkane i byen kunne møtest under dagens feiring.

– Vi føler oss heime i kyrkja. Det er gøy at vi kan feire eit så pass spesielt høve saman med andre katolikkar, seier Masocol.

Velsigna byen

prosesjon

FIRE STOPP: Prosesjonen stoppa på fire ulike stadar i byen for å be.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Den katolske kyrkjelyden hadde også vêrgudane på si side under årets prosesjon.

– I fjor regna det, så vi var litt nervøse for vêret. For sjølv om det står i Bibelen at regn er eit teikn på velsigning, så håpte vi på litt mindre av den type velsigning i år. Det var opphald akkurat når det skulle vere, seier ein lattermild Stamnestrø.

Følgt av Ålesund ungdomskorps gjekk dei gjennom gatene. På ferda stoppa dei på fire ulike stadar rundt om kring i byen.

– Poenget med ein prosesjon er å ta Jesus med ut i gatene, og be for byen. Tanken bak firetalet er at dei representerer dei fire himmelretningane, og vi ber difor Gud om å velsigne heile byen, seier Stamnestrø.

prosesjon

BLOMSTER: Barna som hadde sin fyrste Nattverd i år strødde blomster utover gatene.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Prosesjonen var prega av blomster, bjøller og røykelse. Det var barna som hadde sin fyrste nattverd i år, som fekk det ærefulle oppdraget å strø blomster.

Blomstrane var eit heidersteikn, medan røykelse er eit teikn på guddommeleg nærver og bønner som stig opp mot himmelen.

– Vi er som regel flinke til å pynte oss sjølv når vi har fest. Så når vi feirar Gud må vi nesten gjere ein ekstra innsats, seier Stamnestrø.

prosesjon

FIRE STOPP: Prosesjonen stoppa på fire ulike stadar i byen for å be.

Foto: Silje Bjerknes / NRK