NRK Meny
Normal

– I alle fall ikkje verre enn venta

Ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard, har ein noko avventande reaksjon etter at Helse Møre og Romsdal la fram rapporten som viser kva sjukehustilbod dei planlegg for Nordmøre og Romsdal.

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard seier at mykje framleis er ope, og at det ikkje ligg anbefalingar mellom dei forskjellige alternativa i rapporten.

Foto: Terje Reite / NRK

Det nye sjukehuset i Molde får 197 sengeplassar. I Kristiansund skal det etablerast eit distriktsmedisinsk senter med 22 poliklinikkrom, ti dagplassar og fire rom for bildediagnostikk.

– Dette er i alle fall ikkje verre enn det vi hadde forventa. Vi kunne ha frykta at dei utelukka dagkirurgi i Kristiansund og at all dagkirurgi skulle leggast til eit nytt sjukehus i Molde. For oss er det utruleg viktig at operasjonsstuene i Kristiansund vert vidareført, seier Neergaard til NRK.

Ortopedisk avdeling

Neergard seier at det for Kristiansund sin del er viktig at den ortopediske avdelinga får halde fram slik at denne avdelinga kan brukast i andre samanhengar når det er ledig kapasitet.

– Dette er alfa og omega for vår del, seier Neergaard.

Rapporten inneheld forslag til fleire løysingar, og rapporten skal no ut på høyring. Dermed er alle detaljane ikkje heilt klare enno.

– Dette er framleis ope. No blir konseptrapporten send ut på høyring før det blir teken ei endeleg avgjerd. Her er det inga anbefaling verken i den eine eller den andre retninga, seier Neergaard.

Torgeir Dahl

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, er godt nøgd med rapporten som no er lagt fram.

Foto: Roar Strøm

Økonomisk berekraft

Det har vore ein kraftig strid om det nye, felles sjukehuset skulle plasserast på Storbakken i Kristiansund eller på Hjelset i Molde. I Molde er i dag reaksjonane eintydig positive. Ordførar i Molde, Torgeir Dahl er glad for at konseptrapporten endeleg er lagt fram.

VI har no fått uavhengige til å vurdere den økonomiske berekrafta i prosjektet. Konklusjonen er at vi greier både investeringa og drifta. Konseptrapporten inneheld også dei funksjonane ved sjukehuset som har vore diskutert til no. Dette er ein svært positiv dag for alle som har arbeidd for å få eit godt sjukehustilbod på Nordmøre og i Romsdal, seier Dahl.