Hopp til innhold

– Hyllest til Vestlandet engasjerer begge leirar

Heile Vestlandet kranglar om namnet «Vestlandet». Vestlandet er ein heil landsdel, og sinna kom i kok då to av fire fylke ville bruke dette namnet på ein del av landsdelen. Og midt opp i dette har ein ny song begynt å spele ei spesiell rolle.

Tom Roger Aadland er i disse dager ute med singelen Vestland Vestland, en hyllest til landsdelen hvor han vokste opp.

NRK publiserer musikkvideoen etter avtale med Tom Roger Aadland. Videoen, musikken og songen er ein hyllest til Vestlandet.

Det er låtskrivaren og artisten Rom Roger Aadland som no gjev ut låten «Vestland, Vestland» midt i den heite debatten på vestkysten av Noreg.

– Dette er slett inga PR-kampanje for den nye regionen Vestlandet. Men mange har kommentert denne saka med referansar til songen min. Og både dei som er for og mot å bruke namnet Vestlandet på den nye regionen tek songen min til inntekt for sitt syn. Eg tenkjer at Vestlandet er der vi veit at det er uansett kva politikarane vedtek, seier Aadland.

– Eg er definitivt på Vestlandet

Tom Roger Aadland er frå Haugesund. Dermed er han frå ein stad som hamnar like utanfor regionen som no ønskjer å bruke namnet Vestlandet. Men som rogalending føler han seg absolutt som vestlending.

– Eg tenkjer at eg definitivt er på Vestlandet når eg er på Jæren. Og eg er definitivt på Vestlandet når eg er i Ålesund. For meg handlar dette om heilt fysiske, sanselege ting. Det handlar om lyset. Eg saknar lyset når eg er i Oslo, der eg bur. Det er svært konkret og svært fysiologisk, seier musikaren frå Haugesund.

– Bileta strøymer på

Dette lyset Aadland snakkar om kjem tydeleg fram på musikkvideoen. Han inviterte tilhengjarane sine til å sende han bilete frå Vestlandet. Først trudde han at det ville bli lite bilete og at han måtte finne dei fleste sjølv. Men der tok han grundig feil.

– Bileta strøymde på. Eg slutta å telje då eg hadde fått 600 bilete. Berre i natt kom det 20 nye. Det verkar som om songen har treft noko hjå folk. Truleg har folk rett og slett lyst til å hylle Vestlandet.

– Ein nyansert kjærleikssong

Det er ikkje berre fansen til Aadland som blei overraska over at nettopp han skulle lage ein slik hyllest til Vestlandet. Han er mest kjend for samarbeidet med irske musikarar og for dei nynorske gjendiktingane av tekstane til Bob Dylan. Han har også laga norske versjonar av rockelåtar som er kjende frå artistar som Amy Winehouse, Nirvana og The Rolling Stones.

– Eigentleg hadde eg lyst til å skrive ein nyansert kjærleikssong. Sjølv om ein elskar noko eller nokon er det greitt å ha auga også for det som ikkje er bra. Men det rokkar ikkje ved grunnkjensla, seier Tom Roger Aadland.

– Kom ubedd

Og han vedgår at det slett ikkje var planlagt å skrive denne hyllesten til Vestlandet.

– Denne låten kom ubedd. Og det var litt utanfor komfortsona. Eg skriv mest innanfor bluestematikk med rastløyse og trøblete kjærleik. Så eg lurte på kvifor eg skulle skrive ein patriotisk låt. Men dette rørte meg faktisk. Men eg merkar at dette er ein viktig song, ikkje minst når eg syng han på konsertar, seier Aadland til NRK.