Hopp til innhold

– Høg risiko og låg avkastning

Norske verft må ta ein for høg risiko når dei bygger nye skip. Det seier finansdirektør Ola Beinnes Fosse i Kleven. I går blei det klart at selskapet har fått på plass ein avtale som sikrar vidare drift ved verftet. Fosse seier verftsbransjen er ei næring der risikoen er stor i forhold til avkastninga. – I det siste har det vore veldig negativ avkastning. Så det må gjerast noko med dette. Ein må sjå på prosessar for korleis vi kan bygge meir effektivt, seier Fosse.

Ola Beinnes Fosse
Foto: Arne Flatin / NRK