Hopp til innhold

– Helseplattforma kan ikkje utsetjast ytterlegare

– Helseplattforma kan ikkje utsetjast ut over april 2024 med tanke på at det nærmar seg innflytting i det nye sjukehuset på Hjelset. Det sa IKT-direktør i Helse Møre og Romsdal, Helge Storøy.

Helse Møre og Romsdal følgjer med på situasjonen og arbeider direkte inn mot Helseplattforma og 15. mai i år blir ein avgjerande dato.

– Innan 15. mai må situasjonen ved St.Olavs vere på normalt nivå, sa Storøy.

Helse Møre og Romsdal har fått eitt års utsetjing av innføringa av Helseplattforma fordi det har vist seg å oppstå store problem på St.Olavs hospital.