– Tilbodet som blir kutta er avgjerande for livet

ÅLESUND (NRK): Lise Tørlen fekk påvist revmatisme som lite barn. No fryktar ho at sjukehustilbodet for revmatikarane er i ferd med å smuldre opp. Revmatikarforbundet meiner Møre og Romsdal er i ei særstilling i Noreg og at kutta skjer for raskt.

Lise Tørlen

Lise Tørlen fekk påvist revmatisk sjukdom då ho var lita jente. Ho var blant dei første i Noreg som fekk moderne medisin som blir gitt intravenøst. Denne medisinen må ho på sjukehus for å ta.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er heilt utruleg at det no skal vere berre to senger på sengeposten. Dei har halvert fleire gonger siste åra. Skal dei halvere neste år også? Det er snart ikkje meir att, seier Lise Tørlen.

Sengeposten ved Ålesund sjukehus er den einaste i Møre og Romsdal som er spesielt tilrettelagt for pasientar med revmatiske sjukdomar. Hit kjem dei med dei vanskelegaste og mest samansette sjukdomane. Også dei som treng fleire dagar for å få rett diagnose blir undersøkte her. I kuttprosessen har Helse Møre og Romsdal vedteke å halvere kapasiteten på denne sengeposten.

– Vi misser ikkje berre kapasitet. Vi misser også fagmiljøet som kjenner sjukdomen vår, både revmatologane og sjukepleiarane. Revmatisme er langt meir enn eit vond bein eller eit ledd. Der er mykje meir komplisert, og kan skade mange organ i kroppen, seier Tørlen, som denne dagen er på veg inn til den revmatologiske poliklinikken.

– For raske kutt

Norsk revmatikarforbund sentralt har forståing for ein reduksjon i talet på revmatikar-senger ved norske sjukehus.

– Norske revmatikarar er friskare enn før og medisinane er betre, men det er ikkje slik at vi står og heiar fram ein reduksjon på sengepostane, seier fagansvarleg Christian Pollock Fjellstad i Norsk Revmatikerforbund.

Og medan reduksjonen ved andre sjukehus skjer med utgangspunkt i eit høgt tal senger, skjer kutta i Møre og Romsdal med utgangspunkt i eit sengetal som alt er på eit kritisk lågt nivå.

– Helse Møre og Romsdal har ikkje hatt kontroll med pengebruken og må redusere med utgangspunkt i ein dårleg økonomi. Med ein reduksjon frå fire til to senger kan ein vere nede på eit kritisk nivå med tanke på å halde fagmiljøet intakt. Ein slik reduksjon som Møre og Romsdal legg opp til kjem truleg 10 år for tidleg. Spørsmålet kan bli om dei sjukaste pasientane frå Møre og Romsdal i strørre grad enn før må reise til St. Olavs hospital i Trondheim, seier Pollock Fjellstad.

Christian Pollock Fjellstad

Christian Pollock Fjellstad er fagansvarleg i Norsk Revmatikerforbund.

Foto: Norsk Revmatikerforbund / JULIE NESS

– Har betydd alt

Siw Stavik var også ei lita jente første gongen ho blei lagt inn på den revmatologiske sengeposten ved Ålesund sjukehus. Den gongen var dette ein stor samlingsstad for både pasientar og fagfolk.

Åra har gått. Sengeposten har blitt halvert. Først til åtte senger. Så til fire. Og no til to.

– Tilbodet eg har fått her har betydd alt for meg. Det har vore heilt avgjerande for at eg kan leve det livet eg lever no, seier Siw Stavik.

Siw Stavik

Siw Stavik har bak seg ei rekkje innleggingar på revmatologisk sengepost i Ålesund. – Tilbodet har betydd alt for meg, seier ho.

Foto: Terje Reite / NRK

Omfattande kutt-prosess

Helse Møre og Romsdal er i ferd med å gjennomføre omfattande kutt for å berge økonomien. Føretaket har planlagt kutt på 200 millionar kroner. Mot slutten av 2019 går føretaket framleis med negative resultat kvar einaste månad.

Sjukehusleiinga hevdar at det ikkje berre er økonomiske årsaker til mange av kutta. Nedskjeringane ved den revmatologiske sengeposten har ifølgje leiinga også faglege årsaker.

– Sengeposten blir ikkje brukt så mykje som dei burde. Dette betyr at pasientane har blitt friskare, dei fleste får behandlinga si på poliklinikk og treng ikkje innlegging. Difor ser vi at vi kan redusere dette tilbodet ned til to senger, seier klinikksjef Jorun Bøyum.

Bøyum opplyser at pasientane som må overnatte får tilbod om å bu på pasienthotell eller på ein sengepost på ei aktuell avdeling.

– Vi fjernar ikkje stillingar. Og personellet skal følgje pasienten til infusjonseininga eller poliklinikken. Dei som treng å bli lagt inn skal framleis bli det, seier Bøyum.

Jorun Bøyum

Jorun Bøyum er klinikksjef i Klinikk for medisin og rehabilitering.

Foto: Terje Reite / NRK

– Inga god løysing

No ropar både fagmiljø, pasientar og organisasjonar eit varsku, og hevdar at føretaket ikkje kan vere klar over følgjene som kutta fører med seg.

97% av all revmatologisk behandling ved Ålesund sjukehus går føre seg på poliklinikk. Sengeposten er i hovudsak for dei siste 3 prosenta. Dette er pasientar med samansette sjukdomsbilete, pasientar som treng lang tid for å stille presis diagnose og pasientar som har vore gjennom operasjonar.

– Med nedskjeringane har vi kome i ein vanskeleg situasjon som vi ikkje ser noka god løysing på. Vi har sett saman ein svært god kompetanse på sjeldne og kompliserte revmatiske sjukdomar. Blir desse pasientane spreidde rundt om på fleire sengepostar eller ved andre sjukehus så får ikkje vi involvert oss i den grad vi skal, seier revmatolog Ole Lianes.

Lianes seier til NRK at pasientar med revmatologiske lidinga alt i dag blir sende til pasienthotellet.

– Vi gjer dette med dei pasientane som ut frå ei medisinsk vurdering kan overnatte der. Men pasientar som er så sjuke av rematisk sjukdom at dei må innleggast skal ikkje ligge på pasienthotellet, seier han.

Lianes meiner også at statistikkane som blir brukt for å rekne ut beleggsprosent ikkje høver med behova dei har på revmatologisk avdeling.

– Her er det ei misoppfatning som gjev eit skeivt bilete av sanninga. Dette har vi forsøkt å fomidle gjentekne gonger, men dette blir kategorisk sett bort frå. Utfallet er nok bestemt på førehand, seier han.

Ole Lianes

Ole Lianes er revmatolog ved Ålesund sjukehus.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kjenner ikkje følgjene

Norsk revmatikarforbund i Møre og Romsdal hevdar at følgjene av reduksjonane ikkje er godt nok utgreidde. Fylkessekretær, Karen Høydal, seier til NRK at organisasjonen fekk lovnad om å vere med på ein analyse av følgjene. Då organisasjonen kom til eit møte med Helse Møre og Romsdal var beskjeden at vedtaket alt var gjort.

– Det skulle setjast ned ei gruppe. Men før gruppa var komen i gang med arbeidet sitt var nedskjeringa alt vedteken. Vi har sendt brev til føretaket, vi har hatt opprop og vi har prøvt å appellere til fagfolka. Det som skjer no er stikk i strid med det behovet brukarane opplever at dei har, seier fylkessekretær i revmatikarforbundet Karen Høydal.

Karen Høydal

Karen Høydal er fylkessekretær i Revmatikarforbundet i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

– Revmatismen forsvinn ikkje

Verken Siw Stavik eller Lise Tørlen klarer å slå seg til ro med forsikringane om at det heile skal gå bra. Dei fryktar at fagmiljøet og den gode støtta skal forsvinne saman med sengene.

– Tryggleiken er alt ein har når ein går med ein komplisert, kronisk sjukdom. Men det er lov å håpe. Eg trur dei må snu ein gong. Oppfølginga eg har fått frå revmatologane er heilt ubeskriveleg. Dette er avgjerande for det livet eg lever, seier Siw Stavik.

– Eg vonar dei kan gå tilbake på dette og sjå på saka på nytt. Dei skulle til og med gjennomføre ein risikoanalyse, men tok seg ikkje tid til dette. Revmatisme er ikkje noko som forsvinn. Og fleire får det. Det kan gjelde barn heilt ned i eitt års alder. Det er viktig at alle desse får eit tilbod i nærmiljøet, seier Lise Tørlen.