Hopp til innhold

– Helse Møre og Romsdal må sjølv syte for å få ein sunn økonomi

Uroa politikarar frå Møre og Romsdal reiste måndag til hovudkontoret til Helse Midt-Noreg for å få helseregionen til å ta større ansvar for den skakkøyrde økonomien i Helse Møre og Romsdal. – Uaktuelt å overføre meir pengar til Møre og Romsdal no, seier direktøren.

Stig Slørdahl

Stig A. Slørdahl er administrerande direktør i Helse Midt-Noreg. Det er Helse Midt-Noreg som avgjer kor mykje av dei statlege overføringane som skal hamne i Trøndelag eller i Møre og Romsdal.

Foto: Ole Jørgen Finnes/NRK

Denne gongen står politikarane frå heile Møre og Romsdal samla i ei helsepolitisk sak. Helse Møre og Romsdal skal kutte i tilbodet tilsvarande 200 stillingar. To representantar frå kvart av dei regionråda troppa opp på kontoret til administrerande direktør Stig A. Slørdahl i dag.

– I dag var det viktig at alle tre regionråda samla møtte leiinga i Helse Midt-Noreg. Vi står sterkare saman. Og eg tur vi fekk til den felles dialogen med regionleiinga. Vi skjønar det er behov for omstilling. Og her vil vi bli involvert, seier Torgeir Dahl i Romsdal regionråd.

I tillegg til å legge ned tilbod planlegg Helse Møre og Romsdal ei overføring av deler av helsetenestene til kommunane.

– Vi er opptekne av at tiltaka er godt forankra også i kommunehelsetenesta og at endringane har langsiktig karakter, seier Dahl.

– Skeivfordeling

Utsendingane frå Møre og Romsdal var i utgangspunktet tydelege på at Helse Møre og Romsdal er underfinansiert og at det går føre seg ei skeivfordeling av ressursane i Helse Midt-Noreg.

– Vi kan ikkje stå her og no og seie at det faktisk går føre seg ei skeivfordeling. Men der er ein ubalanse. Vi ser det tydeleg på driftsresultata spesielt i Møre og Romsdal, seier Jan Ove Tryggestad frå Sunnmøre regionråd.

Administrerande direktør, Stig A. Slørdahl avviser at det går føre seg ei skeivfordeling i regionen.

– Det er ingen haldepunkt for at det er ei skeivfordeling innanfor regionen. Modellen vi brukar for å fordele inntektene skjer ut frå behova som er i befolkninga. Vi brukte fire år på å innføre denne fordelingsmodellen. Og på desse fire åra skulle føretaka justere drifta si slik at utgiftene kom i samsvar med inntektene, seier Slørdahl.

Regionrådene møter helse-midt

Britt Roald og Torgeir Dahl, (Romsdal regionråd), Jan Ove Tryggestad (Sunnmøre regionråd), Kjell Neergård (Nordmøre regionråd) Stig A. Slørdahl (Helse Midt-Noreg), Jan Kåre Aurdal (Sunnmøre regionråd), Ellen Engdahl (Nordmøre regionråd), Anne Marie Barane, Henrik A. Sandbu og Tor Harald Haukås (Helse Midt-Noreg)

Foto: Terje Reite / NRK

Magnussen-modellen

Det er gjennom den såkalla Magnussen-modellen at Helse Midt-Noreg fordeler pengane ut til føretaka Helse Møre og Romsdal, St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag.

Magnussen-modellen bli opphavleg laga som ein nasjonal modell for å få ei rettferdig inntektsfordeling og ei likeverdig pasientbehandling i dei fire helseregionane i Noreg. Helse Midt-Noreg innførte modellen i 2011 lokalt i regionen. Den gongen førte den nye måten å rekne på til ein skarp debatt i Møre og Romsdal. Mellom anna utarbeidde Oslo Economicks ut ein rapport som viste at Møre og Romsdal ville ha fått 300 millionar kroner meir i 2014 om det var blitt valt ein modell som frå Møre og Romsdal si side blei sett på som meir rettferdig.

Helseregionane står fritt til å bestemme korleis dei skal fordele inntektene frå staten ut til dei lokale føretaka. Medan Møre og Romsdal valde å ta i bruk Magnussen-modellen har andre regionar både laga eigne modellar og tatt i bruk Magnussen-modellen med meir eller mindre modifiseringar.

Omfattande tilpassingar i Helse Nord

Helse Nord opplyser at denne helseregionen har ei inntektsfordeling som baserer på Magnussen-modellen, med med omfattande tilpassingar.

Helse Nord har mellom annan ein modell for kapitalkompensasjon, som styrer pengar til føretak som står framfor store investeringar i mellom anna nybygg. Det er også utvikla eigne kapittel for korleis somatiske aktivitetar, psykiatri og tverrfagleg spesialisert rusbehandling skal finansierast.

På enkelte område tek Helse Nord også omsyn til korleis kostnadene har vore historisk.

Helse Sør Øst baserer seg på Magnussen-modellen

Helse Sør Øst har ein fordelingsmodell som i stor grad byggjer på Magnussen-modellen. I den regionale modellen til Helse Sør-Øst blir det teke omsyn til at helseføretaka har ulike kostnadsmessige føresetnader, mellom anna knytt til utdanning, ikkje-vestlege innvandrarar, forsking og struktur, opplyser regionenleiinga til NRK.

Inntektsmodellen i Helse Sør-Øst er utvikla over tid og blei gradvis innført i perioden 2010–2015.

Helse Vest brukte Magnussen som konsulent

Helse Vest fordeler også inntektene etter ein modell som er svært lik Magnussen-modellen. Denne regionen engasjerte også mannen bak Magnussen-modellen, Jon Magnussen, som konsulent då planen for fordeling av inntektene skulle fastsetjast. Dette betyr at det er dei nasjonale retningslinene som gjeld, men tilpassing til forhold lokalt i regionen.

– Ingen store endringar no

Ingen ting tyder på at dagens møte på Stjørdal får innverknad på saksgangen kring sparetiltaka i denne omgang. Forslaga kjem torsdag 17. januar upåverka av dette møtet. Og styremøtet den 24. januar kjem også mest sannsynleg til å gjere vedtaka sine uavhengig av dette.

– No er det Helse Møre og Romsdal som har ein prosess for å finne ut korleis dei skal handtere utfordringane dei har i økonomien sin. Men Magnussen-modellen er under revisjon nasjonalt. Når dette arbeidet er fullført skal vi sjå på korleis kostnadsindeksane slår ut i vår region. Men vi veit ikkje enno om det nasjonale arbeidet fører til at regionen vår får meir eller mindre pengar, seier Stig A. Slørdahl.

Slørdahl seier også at Helse Midt-Noreg har gjort justeringar i fordelingane heilt sidan fordelingsnøkkelen blei innført i regionen.

– Seinaste i dette siste året har vi gjort justeringar som har ført til at nokre føretak har fått meir og andre har fått mindre. Vi utviklar modellen heile tida, seier Slørdahl.

– Ansvaret ligg hos Helse Møre og Romsdal

Det vert hektiske dagar fram mot styremøtet i Helse Møre og Romsdal 24. januar. Forslaga om innsparingar vert lagde fram 17. januar. Før den tid er det både leiarmøte, møte med tillitsvalde, arbeidsutval og brukarutvalet. Kringom i Møre og Romsdal mobiliserer folk og vil vise kva dei meiner. Både i Ålesund og i Aure er det teke initiativ til fakkeltog.

– Alle ser at det må gjerast tiltak. Men det er viktig at dette skjer gjennom ein god prosess. Vi er opptekne av å få betre tenester enn vi har i dag. Det som er i ferd med å skje no er det motsette. Hovudansvaret no ligg på Helse Møre og Romsdal. Det det er viktig for oss å få ein dialog med Helse Midt-Noreg også kring dette, seier Kjell Neergaard i Nordmøre regionråd.