Hopp til innhold

Russ deltar i leitinga: – Har fått tips om at russ har dumpa pingvinane

Torsdag kveld leiter russen i Ålesund etter dei sakna pingvinungane på Tueneset. Natt til torsdag blei tre pingvinar og eitt egg stolne frå Atlanterhavsparken, og fleire russ har vore i avhøyr hos politiet.

Russ leiter etter pingvin i Ålesund

I kveldinga har russ frå skulane i Ålesund kome til Tuenenset for å bidra i leitinga.

Foto: Frode Berg / NRK

Rune Veiseth

Rune Veiseth er driftsleiar ved Atlanterhavsparken.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi har fått tips om at russ skal ha dumpa pingvinungane her i dag, og difor blir det leita. Det seier driftsleiar Rune Veiseth ved Atlanterhavsparken.

Han meiner dette skal ha skjedd i løpet av ettermiddagen.

Politiet stadfestar at dei kjenner til tipset, men har ikkje kommentarar ut over det.

Russen bidrar i leitinga

Veiseth seier russen byrja å strøyme til Tueneset for å hjelpe torsdag kveld.

– Det syns vi er kjempepositivt. Dei har fått med seg at vi no leitar konkret her ute og vil hjelpe, så det set vi pris på.

Stian Mo Karlsen

Stian Mo Karlsen er russ ved Fagerlia vidaregåande skule.

Foto: Frode Berg / NRK

Ein av dei er Stian Mo Karlsen. Han er på plass saman med tre andre frå si klasse.

– Vi fekk melding på russen si facebook-side om å kome, så då gjorde vi det, seier han.

– Sjølv om vi ikkje har noko med dette å gjere, kjenner vi på eit ansvar.

Dei kom til staden litt før klokka 23 og har leitt med lommelykter.

– Vi kjem til å leite så lenge det er folk her, men det byrjar å bli veldig mørkt, seier han til NRK like før midnatt.

– Trur ikkje dei finn pingvinane i live

Hekkeområdet til pingvinane ved Atlanterhavsparken

Pingvinane forsvann frå hekkeområdet ved Atlanterhavsparken.

Foto: Frode Berg / NRK

Mellom 200 og 300 russ feira på Tueneset natt til torsdag, og overvakingskamera har vist at fleire av dei har vore inne i parken.

Veiseth sier han har lita tru på at dei kjem til å finne dei tre veker gamle pingvinane i live.

Nyfødd pingvinunge ved Atlanterhavsparken

Pingvinane er mindre enn tre veker gamle og toler ikkje så mykje.

Foto: Atlanterhavsparken

– Dei er svært avhengige av foreldra sine, så vi veit ikkje om vi vil finne dei i live om dei skulle vere her. Det er vel ikkje så sannsynleg.

Han seier dei har merka at dei andre pingvinane er urolege i dag.

– Vi ser at dei er meir skeptiske og redde enn dei brukar å vere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL