Hopp til innhold

– Dårlege arbeidskontraktar i turistnæringa

LO sin sommerpatrulje har avdekka fleire mangelfulle arbeidskontraktar i turistnæringa i Møre og Romsdal.

Cruiseskip i Ålesund

Reiselivet er ei viktig næring i Møre og Romsdal, men det er ikkje alltid orden i arbeidskontraktane.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Sommerpatruljen har sjekka arbeidsforholda ved stader der ungdom har sommarjobb.

LO's ungdomssekretær i fylket, Kent Logan Jelle, ønsker ikkje å seie kva slags bransjar som er dårlegast, men har lagt merke til at mange kontraktar i turistnæringa ikkje er gode nok.

Les og:

– Det er lett å komme unna med dårlege arbeidskontraktar i ei næring der det kjem inn so mykje utanlandsk arbeidskraft, seier han.

Arbeidstakar frå utanfor landegrensene som kjem for å få sommarjobb i Norge har ofte svake språkkunnskapar, og får ikkje med seg at lite av rettane deira blir teke omsyn til i arbeidskontrakten. Då er det til dømes veldig lett for arbeidstakar å få til ein oppseiing som går utanom lovverket.

– Det sei vi frå om når vi er ute, og vi ser ofte ei aha-oppleving hos sjefane når vi gjer det. Vi håper verkeleg ikkje at dette er ein bevisst prosess frå bedriftene si side, seier Jelle.

Kent Logan Jelle

Kent Logan Jelle har lagt merke til at mange kontraktar i turistnæringa ikkje er gode nok.

Foto: Privat

Har ressursar

LOs sommerpatrulje fann brot på arbeidsmiljøloven ved 1.107 arbeidsplassar i Norge, nesten 20 prosent av alle som blei kontrollert.

83 av desse bedriftene er i Møre og Romsdal.

– Vi kjenner ikkje til situasjonen for Møre og Romsdal konkret, men problematikken rundt mangelfulle kontraktar er ikkje ukjent for oss, seier advokat Kjell Ola Berg i NHO Reiseliv.

Les og:

Han seier organisasjonen har fleire tiltak på plass for å opplyse turistnæringa om lovverket:

– Vi har individuell oppfølging til bedriftene, vi tilbyr kursing, vi har materiell, vi har eigne heimesider der det her er tema og kor ein og finn arbeidskontraktar som viser korleis dei skal vere i samsvar med lova. Denne problematikken har vi sterkt fokus på.