Hopp til innhold

– Håper på snarleg løysing

Dagleg leiar i Langset AS, Leif Magne Langset, er på plass i Ulsteinvik for å gjere seg kjend med dei 225 tilsette i selskapet Kleven Maritime Contracting, som dei no har tatt over ansvaret for. Kleven verft gjekk konkurs 3. juli, og bustyret jobbar på spreng for å berge verftet. Langset seier han har stor tiltru til arbeidet bustyret gjer. – Vi satsar primært på at det kjem ei løysing for arbeidsplassane her ved Kleven verft, men tar samtidig kontakt med kundane vi har i industrien i området her. Det vil vere aktuelt å finne anna arbeid til dei tilsette dersom dette drar ut i tid. Men vi håper det ordnar seg med Kleven i løpet av dei nærmaste timane eller dagane, seier han til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL