– Håper på Odd i finalen

Leiaren i supporterklubben «Tornekrattet» håper Molde møter Odd på Ullevaal. – Det ville vore ei god avslutning på sesongen å slå Fagermo sitt mannskap, seier han.

Semifinale Molde

Molde fotballklubb skal spille cupfinale for andre år på rad.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Eivind Aanes, leiar i supporterklubben Tornekrattet

Leiaren i supporterklubben lover god stemning framfor cupfinalen 23. november.

Foto: privat

Dagen derpå er stemninga stor i Rosenes by. For andre år på rad skal Molde Fotballklubb spele cupfinale etter 1–0 sigeren over Stabæk i går. Då er det ikkje anna å vente enn at superlativa sit laust hos supporterleiar Eivind Aanes.

– Det har vore ein fantastisk sesong og det ligg også an til å bli ein historisk sesong, så dette er berre strålande, seier han til NRK.

Sjølv fekk han ikkje sove før langt på natt etter den spennande semifinalen.

– Det var ikkje lett å få sovne, nei, seier Aanes.

Vil helst møte Odd

Først i kveld blir det avgjort kven som skal møte Molde på Ullevaal stadion 23. november. Klokka 20 kjemper Odd og Sarpsborg om den siste finaleplassen.

Trenar Tor Ole Skullerud trur Molde kan slå begge lag. Det er Aanes samd i, men han held likevel ein knapp på eitt av laga som finalemotstandar.

– Det er klart, det blir mest billettar til oss dersom vi møter Sarpsborg, men eg håper likevel på Odd. Dei ligg nærast oss på tabellen, så det ville vere ei skikkeleg god avslutning på sesongen å slå Fagermo sitt mannskap på Ullevaal, seier Aanes.

Går for stor cupfest

Med tre tidlegare cupfinalar sidan 2009 har Tornekrattet meir erfaring enn dei fleste i å arrangere cupfinalefest. Og Aanes lover stor stemning for alle som vil.

– Vi må prøve å få til eit tilsvarande cupfinaleprogram som vi hadde i fjor, både i Oslo og i Molde. Så vi håper å kunne tilby god stemning både til medlemmane våre og til andre, seier han.

Han har alt merka seg at fleire i supporterklubben alt har bestilt hotellrom i Oslo til finalehelga i november.

– Ja, mange er nok godt i gang alt. No må vi legge planar og også snakke med klubben, så skal vi love eit skikkeleg opplegg i år også.