NRK Meny
Normal

– Eg håper Aalesund slepp å tenkje nedrykk

Fredrikstad kjempar for livet i botnen av Tippeligaen, medan Aalesund kjempar hardt for å unngå nedrykkskamp. I dag møtest til dyst, i det som kan bli ein avgjerande kamp i årets sesong.

AaFK mot Fredrikstad

Dåverande Fredrikstad-spelar Dominic Adiyiah i duell med Enar Jääger og Jonatan Tollås Nation på Color Line Stadion i 2008. I dag møtest laga på Fredrikstad Stadion.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Herman Ekeberg

Herman Ekeberg har 350 kampar i AaFK-trøya. I dag er jobbar han med marknad og media i Aalesund FK.

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

– Dette er ein veldig viktig kamp med tanke på resten av sesongen, meiner Herman Ekeberg.

Den tidlegare høgrebacken har over 350 kampar for Aalesund. I dag jobbar han med media og marknad i klubben.

– For AaFK vil tre poeng meine distanse til laga nedover, og at ein då i staden kan kike oppover, seier Ekeberg.

Før kampen har Fredrikstad skarve 15 poeng på 15. plass. Kun Stabæk er bak. Aalesund ligg på 12. plass med 23 poeng. Sogndal og Sandnes Ulf er på plassane mellom AaFK og Fredrikstad.

Med siger kan AaFK avansere til 10. plass og få eit enormt pusterom nedover.

Tangotrøyene med elendig bortestatistikk

Medan Fredrikstad har slite både på heime- og bortebane, har AaFK vore rett elendige borte.

Fem tap og fire uavgjort er ståda for Ålesund-laget. På «bortetabellen» er AaFK nest sist.

– AaFK har utruleg lyst på årets første bortesiger no. Men tap er eitt av utfalla denne kampen kan få. Og dersom det blir det, så er det framleis mange kampar igjen.

Ekeberg meiner Aalesund bør klare å unngå nedrykkskamp i årets sesong.

– Det skal unngåast. Eg håper og trur at AaFK slepp å tenkje på det. Det blir jobba godt på treningsfeltet, og eg trur vi får sjå eit godtfungerande lag i dag, fortel den tidlegare AaFK-spelaren.

Likevel er han klar på at kampen på Fredrikstad Stadion blir veldig viktig.

– Ein trepoengar i dag vil gi sjølvtillit og ein veldig boost inn i resten av sesongen.

Herman Ekeberg

Herman Ekeberg var angripande høgreback og til tider kaptein i AaFK. No jobbar han med media og marknad i Aalesund FK.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Manglar målscorar

Føljetongen for AaFK i årets sesong har vore mangelen på ein spiss. Aalesund har lenge jakta ein målgarantist, men trenar Kjetil Rekdal har aldri funne det han leitar etter.

Denne veka blei i tillegg AaFK to spissar mindre, då Kjell Rune Sellin drog til Hødd, medan Magnus Sylling Olsen blei sparka til Bodø/Glimt.

– Kven skal score måla for AaFK mot Fredrikstad?

– Det er akkurat same for meg kven som scorar. Eg håper midtbanespelarane vil score meir. Det er ikkje berre spissane som skal score.

– Men dersom spissane og midtbanen sviktar, så har vel AaFK alltid ein målgarantist i Daniel Arnefjord?

– Ha ha, klart det! Men han viser faktisk noko av den råskapen som trengst. Både på dødballar og elles. Det er ikkje tilfeldig at han scorar, og andre kan gjerne ta etter, meiner Ekeberg.

Arnefjord har seks scoringar i årets sesong, noko som er to meir enn AaFK sine to neste på scoringslista. Overgangsvindauget er framleis ikkje stengt, og Aalesund leitar etter ein spiss. Om det skjer er derimot usikkert.

– Alle vil ha nokon inn, men eg er kanskje ikkje den rette å prate med om overgangar. Men om det ikkje kjem inn nokon, så trur eg AaFK uansett skal bite godt frå seg, avsluttar Ekeberg – som tippar 0–2 som resultat i Fredrikstad.