– Håpar tvangsvedtak kan bli endra etter valet

Stortinget skal torsdag seie ja eller nei til å bruke tvang for å slå saman Haram med nye Ålesund. Innbitne motstandarar i Haram håpar eit tvangsvedtak kan bli oppheva etter stortingsvalet i haust.

Stortinget

JA ELLER NEI: Stortinget skal torsdag seier ja eller nei til å tvangssamanslåing.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Vi er mest førebudd på at dei som sit på Stortinget i dag seier ja til tvangssamanslåing, men vi minner om at eit solid fleirtal i folket har sagt nei i folkerøystinga. Det seier Arnt Ove Tennfjord, leiar for aksjonskomiteen mot tvangssamanslåing.

Haram underskrifter

UNDERSKRIFTER: Svært mange har skrive under på lister mot samanslåing.

Foto: Arnt Ove Tenfjord

Også kommunestyret har sagt nei til tvangssamanslåing og om lag 3.500 enkeltpersonar har skrive seg på ei liste med slagordet «Nei til Tvangssamanslåing av Haram med nye Ålesund».

Lang kamp

Gjennom heile året har han og svært mange andre i sunnmørskommunen med 9.000 innbyggjarar samla underskrifter, protestert og drive lobbyverksemd for at Haram skal få halde fram som eigen kommune.

– Om eit fleirtal i Stortinget vedtek tvangssamanslåing så har dette verken rot i folket eller blant fleirtalet av folkevalde i Haram, seier Tennfjord.

Haram i møte med kommunalkomiteen

LOBBYVERKSEMD: Aksjonskomiteen har drive med intens lobby- og påverknadskamp. Her frå møtet med kommunalkomiteen på Stortinget.

Foto: Arnt Ove Tennfjord

Aksjonskomiteen sende onsdag ettermiddag e-post til kommunal- og regionalkomiteen sine medlemmar, samt alle medlemmar av Frp og Venstre sine stortingsgrupper. I e-posten minna aksjonskomiteen om at folket har sagt nei til samanslåing.

Storkommunen nye Ålesund

Den nye Ålesund kommune består av Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Desse kommunane har frivillig sagt ja til ei samanslåing. Haram ligg mellom Sandøy og Skodje, og ville ha verka som ein kile inn i det nye kartet.

Jan Tore Sanner på pressekonferanse

VIL BRUKE TVANG: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil bruke tvang for å slå saman Haram med nye Ålesund kommune.

Foto: regjeringa.no

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil bruke tvang for å få Haram med i den nye kommunen. Det same vil fleirtalet i kommunalkomiteen på Stortinget. Torsdag skal Stortinget seie sitt.

Tvangsvedtak kan bli oppheva

Regjeringa vil bruke tvang for å slå saman i alt 10 kommunar i Noreg, Haram er ein av dei. Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har tidlegare opna for å oppheve eit tvangsvedtak dersom dei kjem til makta etter valet til hausten

– Vi har merka oss utspela til både Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Vi håpar at etter valet så kan den verkelege folkeviljen få bestemme. I Haram er den krystallklar; vi seier nei til tvangssamanslåing med nye Ålesund kommune, seier Tennfjord.