Hopp til innhold

– Han var limet i Ekornes

Styreleiar sidan 1990, Olav Kjell Holtan, døydde brått under ei tenestereise måndag.

Olav Kjell Holtan

Olav Kjell Holtan vart kåra til årets styreleiar i 2010. Tysdag døydde han brått under ei tenestereise for møbelbedrifta Ekornes.

Foto: Styreinfo.no

– Det var ei sjokkmelding, fortel informasjonssekretær Jarle Tusvik i Ekornes om då dei fekk beskjeden.

Holtan var på tenestereise i Asia for møbelprodusenten då han døydde.

– Vi føler ei stor takksemd til Holtan for den tida han har vore i Ekornes, og for det limet han har vore i alle desse åra. Det vil han bli sakna for, seier Tusvik.

– Eit hjartevarmt menneske

Olav Kjell Holtan var styreformann i Ekornes sidan 1990. Då han kom inn i bedrifta var Ekornes i ein vanskeleg økonomisk situasjon som Holtan var med på å snu.

– Han vil bli hugsa som eit hjartevarmt og godt menneske med stor forståing for Ekornes. Han hadde eit år saman med Jens Petter Ekornes og fekk inn med morsmjølka, om ein så kan seie, det vi i Ekornes kallar «Ekornes-ånda». Den har han klart å halde ved like i desse åra, seier Tusvik.

Ein lyttande styreleiar

Holtan hadde ei rekkje styreverv, blant anna i Jøtul, Scandinavian Business Seating, Zeiner, Stenig og Sølvaren. For desse verva vart han kåra til Årets Styreleder i 2010.

– Han hadde ei folkeleg evne til å omgåst alle. Han var den som sette seg inn i sakene, var lyttande og god til å kommunisere både i og utanfor styreverva sine, seier Tusvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL