Hopp til innhold

Rekdal: – Han er som er rovdyr

Solskjær er ein ulv i fårekler, og Rekdal ser på seg sjøl som ein vinnar utan negative sider. Slik omtalar dei to suksesstrenarane kvarandre.

Video Meistermøte Rekdal og Solskær

Gullkake

GULLKAKE: Generalsponsoren stilte med kake då Rekdal og Solskjær møttest til meistermøte etter treningskampen mellom AaFK og MFK tysdag.

Foto: Remi Sagen / NRK
Kjetil Rekdal

VINNAR: Ole Gunnar Solskjær karakteriserer Rekdal som ein vinnartype.

Foto: Remi Sagen / NRK
Ole Gunnar Solskjæe

ROVDYR: Kjetil Rekdal meiner Molde-manageren Ole Gunnar Solskjær er som eit rovdyr.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei er konkurrentar på fotballbanen, eller rettar sagt på sidelinja, men er gode kameratar utanfor.

Tysdag vart dei to gulltrenarane gjort stas på av generalsponsoren til klubbane, Sparebanken Møre. Etter at Molde hadde slått Aalesund 2–1 på stadion i Ålesund.

LES ÒG:

Dei to kjenner godt styrkane til kvarandre, og då dei vart spurte om kva som kjenneteiknar den andre nølte dei ikkje med å svare.

– Som eit rovdyr

– Han kan lure folk, altså i positiv forstand, seier Aafk-trenar Kjetil Rekdal om Ole Gunnar Solskjær. Og legg til.

– Han er som eit rovdyr som kastar seg over byttet. Sånn var han då han spelte og sånn er han som trenar òg, trur eg.

Rekdal fortel at sjølv om Solskjær ser snill og bedageleg ut frå utsida, set han innetter knallharde krav.

– I motsetnad til andre som brøler framfor mikrofonen, seier Rekdal og kikkar ned på mikrofonen framfor seg.

– Sjå på han då, ser han ut som eit rovdyr?

Rekdal ser bort på trenarkollega Solskjær og gliser.

– Eg kjenner han så godt at eg veit det: Men det er i positiv forstand sjølvsagt, han er veldig dyktig, understrekar Rekdal.

– Meir direkte enn meg

Når Molde-manager Ole Gunnar Solskjær skal skildra Rekdal er det skilnadene mellom dei som først kjem fram.

– Han er i alle fall meir direkte og rett fram enn meg, seier Solskjær. Og legg til at Rekdal er ein vinnartype.

For å understreka det dreg Solskjær fram ei historie om at då cupspelarane på Molde i 1994 vart beden om å skrive opp sine positive og negative eigenskapar, skreiv Rekdal opp «vinnar», medan han sette ein stor strek under negative eigenskapar.

– Det hadde han ikkje, seier Solskjær med eit smil om munnen.

– Han er ein unik person, synst eg.

LES ÒG:

Røper ikkje taktikken til kvarandre

Rekdal og Solskjær

GOD STEMNING: Smilet sat laust då dei to suksesstrenarane vart spurte om å skildre kvalitetane til kvarandre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Rekdal og Solskjær ringer ofte og snakkar med kvarandre. Då vert det ofte snakka om fotball, fortel dei to.

– Me diskuterer landslag, europeisk fotball, resultat i det siste og kva lag me skal møte og litt slik småting. Men hemmelegheiter frå min camp det får han aldri, og det får eg aldri av han heller, seier Solskjær medan han ser lurt bort på Rekdal.

Prøver de å lure noko ut av kvarandre?

– Uansett kva eg prøver så er han for lur til å gi med noko inside, seier Solskjær.