Hopp til innhold

– Hadde aldri trudd at videoen ville ta av

Kevin Synnes frå Sunnmøre skulle prøve å gjere kjærasten flau. No har videoen blitt vist over 30 millionar gongar på videotenesta Vine.

Det var like før helga at Kevin Synnes frå Valderøya, like utanfor Ålesund, bestemte seg for å legge ut ein video av skrikande plastikkender på facebook-profilen sin. Responsen vart større enn han nokon gong hadde forventa.

– Eg la den ut på Facebook og tenkte at eg kanskje ville få 40 likes eller noko, men i løpet av ein dag hadde den blitt sett over 100.000 gongar. Eg kunne nesten ikkje tru det, seier Synnes lattermild.

Ville gjere kjærasten flau

Og er du ein av dei som ikkje får nok av desse skrikande endene, så er du ikkje aleine. Nokre hatar lyden, medan andre elskar den, uansett har det fått folk til å klikke på videoen, igjen og igjen.

I løpet av dei siste dagane har videoen blitt likt og delt millionar av gongar på sosiale nettverk som Facebook, Youtube, Reddit, Instagram og Vine.

Kevin Synnes

Kevin Synnes og kjærasten.

Foto: Martin Giskegjerde / Privat

Måndag ettermiddag hadde videoen blitt vist nærare to millionar gongar på Youtube og svimlande 30 millionar gongar på Vine. Synnes fortel at det heile starta som ein spøk.

– Vi var i Kristiansand for å hente ein motor til bilen min og måtte ein tur innom Biltema for å kjøpe noko til bilen. Inne på butikken såg vi denne store korga med ender og då måtte eg nesten berre trykke på ein av dei.

– Så trykte eg på mange samtidig for å prøve å gjere kjærasten min flau, seier han.

Synnes bestemte seg for å filme det heile på Snapchat og fekk god respons frå venner på videoen.

– Heldigvis hadde eg lagra videoen. Eg bestemte meg for å legge den ut på Facebook, og så seinare på Youtube. Etter det har det berre balla på seg, seier han og ler.

– Det er heilt sjukt

Duck Army

Videoen har blitt delt ein rekke gongar på blant anna Instagram.

Foto: Skjermdump Instagram

Synnes fortel vidare at responsen har vore uverkeleg. Videoen har blitt så populær at han til og med har blitt kontakta av eit nettselskap som arbeidar med å distribuere og beskytte nettvideoar.

– Dei ville hjelpe meg å beskytte videoen med copyright. Eg hadde aldri trudd at det ville ta så av, det skulle berre vere ein liten spøk. Det er heilt sjukt, seier han.

– Greidde du å gjere kjærasten din flau?

– Litt. Og det var trass alt det viktigaste, seier Synnes lattermild.

Mange har i etterkant hatt det morosamt med videoen, og laga sine eigne versjonar. Desse er henta frå Youtube: