NRK Meny
Normal

Fekk helsa tilbake etter flåttbit

Bernt Gulla fekk borrelia og hadde store problem med å røyve kroppen. Etter ein månad med heimetrening nådde Gulla måla sine, og har no ei betre helse.

Bernt Gulla fekk helsa tilbake etter flåttbit

Bernt Gulla vart fysisk svekka etter eit flåttbit. Ergoterapeut Irene Stolpnes har hjelpt Gulla tilbake i form.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Bernt Gulla fekk problem med å røyve kroppen etter at han vart biten av flått for eit år sidan. Han fekk borrelia, men ser no på seg sjølv som heldig. Han meiner at kvardagsrehabiliteringa har hjelpt han til å stake ut kursen mot ei betre helse.

– Eg har hatt problem med å røyve den eine handa mi tidlegare. Den hang som ei pølse, seier Gulla.

Målet hans var å fungere som eit normalt menneske igjen. Han er ein av dei som har vore med på heimetrening. Han fekk problem med å bevege kroppen og spesielt armen etter flåttbitet.

– Etter ein månad så hadde eg nådd måla mine om å blant anna stelle meg, lage mat, skrive og gå tur. Det var svært tilfredsstillande. Godstolen er farleg, og det har eg innsett no. Det er mykje verdi i det å halde ut når ein driv med fysisk aktivitet.

Artikkelen held fram under biletet ...

EN BRUKER OG DE TRE GODE HJELPERNE HANS

I januar starta Bernt Gulla med rehabilitering saman med ergoterapeut Irene Stolpnes, Cecilie Michelsen Larsen i heimesjukepleia og fysioterapeut Trude Nordskag.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Brukaren bestemmer kva dei vil trene på

Fysioterapeut Trude Nordskag meiner at pasientar som er med på kvardagsrehabilitering greier seg med mindre hjelp frå heimetenesta.

Kvardagsrehabilitering er ei form for heimebasert rehabilitering. Trening og tilrettelegging blir gjort heime hjå brukaren.

– Det er brukaren som bestemmer kva han eller ho skal trene på. Når vi kjem inn til brukaren så har vi ein samtale om kva som er viktig for dei, seier Nordskag, som er med i kvardagsrehabiliterings- teamet i Kristiansund.

Treningsopplegg på heimebane

Det kan vere å øve på å gå i trapper, dusje på eiga hand, eller å lage eigen mat. Pasientane får mellom ein og tre månader til å trene seg på måla dei sjølve set seg.

– Ved å drive med heimetrening så blir dei i betre fysisk form og klarar dermed å vere med på fleire aktivitetar. Dei vert meir nøgde med seg sjølve og får ei betre helse, seier Nordskag.

Terapeutane ordnar eit treningsopplegg så vert utført heime hjå brukaren. Nordskag seier at dei gjer heimen om til eit lite treningsstudio.

– Det viktigaste for oss er å vise brukarane at dette er kvardagslege aktivitetar.