NRK Meny
Normal

– Godt å vite at familien i Jakarta er trygge

VOLDA (NRK): I Nautvika i Volda følgjer Berit og Roald Nautvik spent med på situasjonen i terrorråka Jakarta i Indonesia. Dottera Wenche Eikum bur i den indonesiske hovudstaden.

Roald og Berit Nautvik heldt kontakten med dottera Wenche Eikum i Jakarta. Dei føler seg trygge på at familien no er trygg.

Wenche Eikum har også ei 8 år gamal dotter. Då bombene gjekk av var dottera på den amerikanske skulen.

– Området der bombene gjekk av er ein del av byen der vi ferdast. Eg har vore fleire gonger i senteret som er like ved staden der eksplosjonane var, seier Wenche Eikum.

Familien Schanke Eikum

Ole Schanke Eikum, dottera Marte og Wenche Eikum.

Foto: Privat

Kontakt på Skype

Det har blitt fleire samtalar på Skype mellom foreldra i Nautvika og Wenche i Jakarta i løpet av torsdagen. Der kan Wenche fortelje om sitt inntrykk av det som hender i byen. Bileta av døde menneske i gata utanfor kjøpesenteret gjorde så sterkt inntrykk at ho valde å skru av.

Og foreldra frå Volda kjenner seg også att på bileta frå Jakarta etter fleire besøk i den indonesiske hovudstaden. Dei har handla på kjøpesenteret og dei har vore innom kaffibaren Starbucks som er lett gjenkjenneleg på TV-bileta.

Vi får heller handle på småbutikkar neste gong vi kjem ned, seier Berit Nautvik til dotter si.

I utanriksfart i 30 år

Roald Nautvik er svært reisevant. Og han tykkjer verda har blitt stadig meir uroleg.

Eg har reist i utanriksfart i 30 år. På den tida høyrde vi omtrent ingen ting om sånt som dette, seier han.

Bombeeksplosjon i Jakarta

Torsdag var det dramatisk i Jakarta.

I april 2014 var Berit og Roald Nautvik og besøkte familien i Jakarta i ein heil månad. Men etter det som hendte i dag kjem det truleg til å gå ei stund før dei reiser dit igjen.

– Vi har lurt på å gjenta reisa. Men etter det som har skjedd i dag veit vi ikkje om vi vil.

Etter fleire samtalar med dotter si slår likevel familien seg til ro i vissa på at familien er trygge.

Vi har snakka med henne og forstår det slik at dei er trygge. I alle fall tilsynelatande, legg Berit Nautvik til.

Og slik føler Wenche Eikum seg også, sjølv om det var dramatisk då det sto på som verst.

– Det er klart at når meldingane om eksplosjonar og døde kom, så sette det ein støkk i oss. For sjølv om vi bur i ein millionby så kjenner vi oss veldig trygge her. Så vi fekk nok litt sjokk, seier ho.