Hopp til innhold

– Godt å vere tilbake

Molde-spelar Eirik Hestad spelte i går kveld sin første kamp sidan han blei alvorleg skadd i ei bilulykke like før jul i fjor.

Eirik Hestad

Molde-spelar Eirik Hestad er tilbake på bana etter at han vart skadd i ei trafikkulukke i desember i fjor.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Onsdag var det duka for den første runda av NM for menn i fotball. Molde møtte Brattvåg på bortebane, og Molde-spelar Eirik Hestad var glad for å endeleg vere tilbake på fotballbana.

– Det var herleg å vere tilbake og delta på kampar som betyr noko. Det er jo dette vi fotballspelarar lever for, seier han.

Sigeren smakte godt

Vegen tilbake har vore tøff og lang. 19-åringen pådrog seg brot- og sårskadar i front mot front ulukka i desember i fjor. Hestad fekk hjernerystelse og måtte bruke nakkekrage i seks veker.

– Kroppen er nesten 100 %, men den skal få tida til å jobbe hardt ei stund til før eg nærmar meg ein formtopp, seier Hestad.

– Det er langt igjen, men det er nydeleg å vere tilbake, held han fram.

Derfor gjorde det ekstra godt å bidra til 2–0 sigeren over Brattvåg i første runde i noregsmeisterskapet.

– Det er godt å vere i gong, seier Hestad.