NRK Meny
Normal

– Det var godt å sjå at brannen roa seg

Aure-ordførar Ingunn Golmen sov søtt i natt, trass i brannherjingane på Skardsøya.

Ingunn Golmen

Aure-ordførar Ingunn Golmen kunne sove godt natt til fredag. I kveldstimane kom nemleg storbrannen på Skardsøy under kontroll.

Foto: Terje Reite / NRK

Brann

Brannen på Skardsøya på Nordmøre strekte seg over eit stort område, og det var lenge fare for at brannen ville spreie seg til hytter og bustadhus.

Foto: Anne Vik

– Seint i går kveld var eg på staden. Eg såg med eigne augo at brannen ikkje var like kraftig, og fekk vite at det ville vere vakthald heile natta. Då vart eg letta, fortel ordførar Ingunn Golmen.

Ein dramatisk Kristi himmelfartsdag

Det var fridag og ein vakker solskinsdag. Mange hyttefolk hadde teke langhelg, og på Skardsøy var var mange dressa opp i finstasen då brannalarmen gjekk i 14.30-tida om ettermiddagen.

– Det vart ein veldig annleis Kirsti himmelfartsdag enn eg trudde då eg først vakna. Det var ein festdag med mange konfirmasjonar. Det vart det ein brå slutt på fordi gjestar måtte hoppe i kjeledressane og stille som frivillige, fortel Golmen som sjølv er oppvaksen på Skardsøy.

Frykta at busetnad skulle rammast

Kraftig røykutvikling over eit større område gjorde at brannvesenet kjapt skjønte at det var snakk om ein temmeleg stor lyngbrann. Éin time etter at den første meldinga kom, fekk Golmen beskjed om at det var fare for spreiing og at det gjekk mot evakuering av nærområdet. Evakuerer delar av øy på Nordmøre

  • Les også:
Bønder

Innsatsen til frivillig brannmannskap og bønder i nærområdet var svært viktig for at brannen ikkje spreidde seg til busetnaden, seier fleire kjelder til NRK.no

Foto: Anne Vik

– Det tok litt tid før vi fekk tromma saman folk sidan det var heilagdag. Men i løpet av nokre timar hadde vi fått krisestab på rådhuset, og måtte snu oss fort rundt for å finne ut kor vi kunne samle dei evakuerte, seier Aure-ordføraren.

Omlag 85 personer vart evakuerte. Først i 22-tida torsdag kveld fekk dei beskjed om at det var trygt å vende tilbake til husa og hyttene sine.

Skryt av lokalsamfunnet

Likeins med 110-sentralen og innsatsleiaren på staden, er Golmen svært imponert over korleis lokalsamfunnet stilte opp medan det stod på som verst.

– Dei som var ute i felten gjorde ein fenomenal jobb. Forutan det frivillige brannkorpset, stilte mange bønder opp med traktorar, og bygdefolk i hopetal gjorde sitt for å stille med grendehus og forpleiing, seier ho.

– Verkeleg, det var mange som jobba hardt og godt i går, legg ho til.

Ordførar i Aure, Ingunn Golmen, om møtet i kriseleiinga i dag der dei oppsummerte erfaringane etter brannen på Skardsøya torsdag.

VIDEO: Ordførar Ingunn Golmen skryt av jobben folk har gjort.

Bålbrenning var brannårsaka i Aure

Årsaka til lyng- og grasbrannen i Aure i går kveld var bålbrenning. Det stadfestar innsatsleiar Arnfinn Fuglevåg overfor NRK klokka 10.30 fredag.

Det var to personar på tur som fyrte opp bålet ved Tømmerdalsvatnet. Dette kom ut av kontroll på grunn av sterk vind.

Fredag morgon klokka 08.30 møttest lokalsamfunnet for å snakke om det som hadde skjedd.

Politiet seier det ikkje kjem til å vere brannfolk i området resten av dagen og arbeidet er no avslutta.

Innsatsleiar under skogbrannen i Aure, Arnfinn Fuglvåg.