Hopp til innhold

– Glad for at alkoholbruken blei avdekt

Leiaren i Møre og Romsdal idrettskrets er rysta over pengebruken og alkoholkonsumet blant toppane i Norges idrettsforbund. Men han er glad for at dette har kome fram i lyset.

Kåre Sæter

Kåre Sæter er leiar i Møre og Romsdal idrettskrets.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Då kvitteringane blei lagt på bordet viste deg seg at toppane i Norges idrettsforbund har brukt mange, mange tusen kroner på dyre restaurantmiddagar med vin og anna alkoholhaldig drikke. Rekningane stammar frå restaurantar, nachspiel og feiringar i både inn- og utland.

– Ivra for openheit

Møre og Romsdal idrettskrets er blant kretsane som har kravd openheit kring økonomien i idrettsforbundet sentralt.

– Vi er glad for at dette no har kome opp og fram. Vi har ivra for openheit kring reiserekningane. Vi tok initiativ til dette i leiarmøte for eit halvt år sidan. Dette var vårt forslag og vi foreslo også at det skulle vere openheit kring det som har skjedd for ei tid sidan, seier Sæter til NRK.

– Sanninga kom fram

NRK har tidlegare omtalt at idrettsforbundet brukte over 100.000 kroner på alkohol på éin restaurant under London-OL i 2012. Fleire titals flasker vin og øl og glas med sprit er fordelt på eit følgje på mellom 30 og 40 personar. NRK sin gjennomgang viser at NIF brukte om lag 40.000 kroner på sprit og champagne/prosecco berre på restauranten Il Baretto.

– Det er ingen ting som er verre enn at ikkje sanninga skulle kome fram, seier Sæter.

– Kva tykkjer du om det som har kome fram?

– Eg blir overraska over noko. Andre ting overraskar meg ikkje. Eg reagerer kanskje ikkje aller mest på rekninga frå London. Den skulle delast på mange. Der er andre ting som tyder på kulturar som ikkje er heilt bra, seier Sæter.

– Alkohol på interne møte

Sæter reagerer aller mest på at det er kjøpt inn dyr vin i samband med interne møte. Han meiner dette er resultatet av ein kultur som har spreidd seg i toppen av organisasjonen.

– Det har ikkje vore nok medvit kring det faktum at denne organisasjonen er ein breiddeorganisasjon. Det er ein grasrotorganisasjon. Det er kanskje ikkje så legg når ein er midt oppe i olympisk toppidrett og samstundes er i ein organisasjon som byggjer på grasrota. Då vert det kanskje eit stort sprik mellom kulturane.

– Tuta med ulvane

Sæter legg vekt på at dette skjedde på eit tidspunkt då Noreg var i ferd med å skulle skaffe Noreg eit OL.

Då var dei kanskje ute og tuta saman med dei ulvane som var der. Dette er problem som også kan oppstå i andre store norske bedrifter som er på ein internasjonal arena. Der gjeld ofte andre spelereglar enn dei vi er vane med.

Sæter meiner at verdiar som ligg nærare grasrota og dei lokale idrettslaga no står sterkare i sentralleddet i idrettsforbundet.

– Etter at vi sette foten ned ser verda også på topplanet i idretten annleis ut enn før, seier Sæter.