Hopp til innhold

– Gi kvinnelege politikarar barnepass og husvask

Ingen kvinner i Ørskog vil sitte i gruppa som arbeider med kommunesamanslåing. Politikar i Haram, Randi Frisvoll, meiner kommunen må legge til rette for kvinnene.

Randi Walderhaug Frisvoll

Randi Frisvoll (KrF) meiner at ordføraren og politikarane i Ørskog har eit ansvar for at forholda vert lagt til rette slik at kvinner kan ta på seg verv.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ørskog skal bli ein del av storkommunen Nye Ålesund. Etter lova må utvalet som skal jobbe med kommunesamanslåinga bestå av både kvinner og menn. Ørskog har berre fire kvinner i kommunestyret som kan veljast inn i utvalet og alle seier nei. Dei meiner at den samla belastninga allereie er stor, sidan dei vert kvotert inn i alle utval og nemnder.

Randi Frisvoll (KrF) er provosert over at Ørskog ikkje klarer å oppfylle kravet om kjønnsbalanse. Ho meiner kommunen må legge betre til rette for kvinnene, slik at dei kan ta på seg slike verv.

– Kanskje vi rett og slett skal innføre husvask til dei, seier Frisvoll.

Frikjøp jobben

Alle dei fem kommunane som skal slå seg saman, vel kvar sine grupper og saman utgjer dei ei fellesnemnd. Frisvoll sit i gruppa for Haram.

Ho meiner det er ei rekkje grep kommunane kan gjere for at kvinner skal delta i politikk.

Det å legge møta på dagtid kan vere eit grep. Å ha god styring på kor lenge møta skal vare, er også viktig, slik at småbarnsforeldre rekk å hente barn i barnehage og på SFO.

Sjølv hadde ho ein liten baby då ho starta i lokalpolitikken i Haram og fekk dekt barnepass for å delta på møta.

– Det går også an å frikjøpe kvinner frå jobben dersom det vert problem i forhold til arbeidsplassen, seier Frisvoll.

Overraska over Ørskog

Leiar ved Senter for Likestilling, Åsta Lovise Einstabland, synest det er rart at Ørskog ikkje klarer å oppfylle kravet om kjønnsbalanse.

– Dei bryt lova og eg er overraska. Ein må tilstrebe at både kvinner og menn skal vere representerte. Her må dei gjere jobben på nytt, seier Einstabland.

Ho seier at mange av kvinnene rundt om i Noreg som engasjerer seg i politikk er midt i småbarnsperioden og dermed kan trenge tilrettelegging. Døme på det kan vere å unngå kommunestyremøte midt i leggetida til barna. Ho meiner også at ein må sjå på den samla arbeidsmengda til kvinnene som er valt inn.

– Dersom kvinnene er i mindretal i kommunestyret og dei må sitte i ulike komitear for å få dekt kjønnsrepresentasjonen, betyr det at arbeidsmengda blir stor. Ein må sjå på korleis arbeidet blir fordelt, seier Einstabland.

Ørskog kommune har frist på seg til 24. august med å velje inn to kvinner i utvalet. Dersom Ørskog ikkje oppfyller kravet, er det eit ulovleg samansett organ og Fylkesmannen kan oppheve valet.