Han meiner at den foreslåtte nedbygginga ved Kristiansund Sjukehus aldri hadde vore tema dersom politikarane hadde kontrollen over sjukehusa.
– Vi har heile tida vore klare på at helsereformen bør reverserast, seier han.
Vekkjer harme
Onsdag og torsdag skal styret i Helse Nordmøre og Romsdal diskutere dei foreslåtte kutta ved Kristiansund sjukehus. Administrasjonen har foreslått å redusere akuttilbodet ved dei fleste avdelingane ved sjukehuset og flytte dei til Molde.
Forslaget har vekt sterk harme på Nordmøre, og det er varsla knallhard kamp for å hindre at administrasjonen i helseføretaket får det som dei vil.
Bjørn Jacobsen (Foto: Ivar Eidheim)
– Krokodilletårer
Men Jacobsen har liten sympati for Arbeidarparti- og Høgre-politikarar som no varslar kamp for sjukehuset i Kristiansund.
– Det blir krokodilletårer det dei framfører. Dei visste at slik måtte det gå når ein skulle ta bort sjukehusa frå folkevalt kontroll, seier Jacobsen.