Hopp til innhold

– Fylka må samarbeide om skuletilbod

Skulepolitisk talsmann i Høgre, Henrik Asheim, meiner at fylka må legge betre til rette for elevar som bur i grenseområda. I Vanylven må ungdomane flytte på hybel fordi dei ikkje får plass på skulen i Sogn og Fjordane.

Måløy vidaregåande skule

For mange ungdomar i Vanylven kunne det vore eit alternativ å gå på Måløy vidaregåande i Sogn og Fjordane, men dei hamnar bakarst på søknadslista fordi dei kjem frå eit anna fylke.

Foto: Arild Nybø / NRK

Marie Hatlevik Borg (15) bur berre tre mil unna Måløy vidaregåande i Sogn og Fjordane. Hadde ho fått gått på skule der, hadde ho sleppt å flytte på internat, men slik er det ikkje. Ho og andre frå Møre og Romsdal hamnar bakarst i søknadskøen.

– Vi må ikkje administrere oss i fillebitar i Noreg og tenkje berre på grenser, seier skulepolitisk talsmann i Høgre, Henrik Asheim.

Mjukare regelverk

Henrik Asheim

Henrik Asheim (H) meiner at fylkeskommunane må samarbeid nærare om skuletilbod, slik at elevar som bur på fylkesgrensa slepp å flytte på hybel.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I fjor mjuka regjeringa opp lova om fritt skuleval. No får elevar gå på skule i eit anna fylke, sjølv om heimfylket har tilsvarande tilbod. Det einaste føresetnaden er at skulen har ledig kapasitet. Det er det som er problemet for ungdomane i Vanylven.

Skulen i Måløy er den skulen i Sogn og Fjordane med høgast søkartal per plassar. Det betyr at det er vanskeleg for elevar for andre fylke å få plass. Asheim meiner at dette bør kunne ordnast enkelt.

– Fylka må samkøyre seg. Det er berre å sjå på søkjartala til skulen og sjå korleis ein i samarbeid kan dimensjonere skulen større, meiner Asheim.

Litt rigide

Assisterande fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal, Rune Solenes Opstad, er samd i at fylka må samarbeide betre.

– Eg trur ikkje vi har gått oss til i forhold til dei nye reglane og er kanskje litt for rigide. Vi skulle hatt ein betre dialog med nabofylka, seier Opstad.

Han seier at det absolutt er mogleg å sjå om klassetalet i Måløy kan aukast, slik at der er plass til elevane frå Vanylven. Dei vil no vil gå i dialog med ordføraren i Vanylven og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Rune Solenes Opstad

Rune Solenes Opstad, assisterande fylkesutdanningssjef, vil gi i dialog med Sogn og Fjordane.

Fryktar økonomien stansar samarbeid

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), er den som først tok opp temaet. Ho er oppgitt over at 15-16-åringar må flytte på hybel, når dei staden kunne ha pendla til nabofylket. Ho er glad for viljen til samarbeid.

– Eg fryktar at det kjem til å stoppe når spørsmålet om økonomi kjem opp. Ein ting er om elevane får skuleplass, men dei treng også skuleskyss. Det er ein del av pakken, seier Sande.