Hopp til innhold

Utfordrande skidag: Straumstans og p-bøter

Det er lange køar av folk som vil opp i skibakkane. Men på Fjellsetra har det vore ekstra store utfordringar.

Straumstans på Fjellsætra

Det er straumstans på Fjellsetra i Sykkylven. Mange står i ro når trekka er ute av drift.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Dette er fullstendig krise, sa driftsleiar Ole Robert Strømme til NRK Møre og Romsdal tidlegare i dag. Det var straumstans. Ingen av trekka gjekk på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter.

– E-verket i Sykkylven har oppdaga ein feil. Dette er årets beste dag til no. Eg håper dei finn ut av det ganske kjapt, sa driftsleiaren.

Etter ei stund kom det melding om at straumen var tilbake.

Stor utfart

Mykje nysnø har gjort dette til ein stor skisøndag. Det blir meldt om uvanleg stor utfart til skianlegga i Møre og Romsdal. Store og små vil prøve skia i bakkane på det flotte føret.

Fjellsetra

Barna leikar seg på ski, sjølv om trekka ikkje går.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Ikkje slit ut sofaen

På Fjellsetra gjekk dei ut tidlegare i dag og reklamerte med snø og sol.

– Ikkje slit ut sofaen på ein slik dag, skreiv dei på sine eigne nettsider og ønskte velkomen til fjells. Det var før dei visste kva utfordringar som skulle kome.

Bøtelegging på Strandafjellet

På Strandafjellet er det så fullt av folk denne søndagen at det er svært utfordrande å skaffe seg parkeringsplass.

Politiet er på plass. Dei ser at mange parkerer ulovleg på fylkesvegen. Dei varslar at dei kjem til å skrive ut parkeringsbøter.