– Fryktar tap av inntekter

– Dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien for Møre og Romsdal fylkeskommune er svært usikre. Det sa fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik under møtet i fylkesutvalet i dag. Den største utfordringa kan bli tap av inntekter frå kollektivtransporten, sa Guttelvik. Det gjeld både buss,ferje og hurtigbåt. Guttelvik meinte dei hadde god kontroll på kostnadane.

Ottar Brage Guttelvik.
Foto: Roar Strøm / NRK