Hopp til innhold

– Fryktar ikkje tyrkiske tilskodarar

Molde Fotballklubb fryktar ikkje uro når nærare 400 Fenerbache-tilhengarar kjem på besøk i kveld.

Fenerbache-fansen kan feire nok et seriegull

Omlag 400 av desse er venta til Molde i dag.

Foto: MUSTAFA OZER / AFP

Då det tyrkiske laget spelte mot Ajax i Amsterdam i førre kamp i Europaligaen skal supporterane ha gått til angrep på politiet.

Tryggleiksansvarleg Arve Tovan i MFK fryktar ikkje at dette skal skje i Molde.

– Vi har førebudd oss godt, i samarbeid med både Fenerbache og politiet. Våre eigne vakter er også godt drilla før kampen.

Fenerbahce supporter

MFK trur ikkje dei tilreisande tilskodarane lagar bråk i Molde.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Det er venta at opp mot 400 tyrkiske supporterar blir tilstades på Aker stadion i kveld.

– Samarbeidet med det tyrkiske laget, vår eiga planlegging og filosofien om å ta imot gjestane ope og venleg, gjer at vi ikkje trur det blir noko bråk.

Tovan seier det ikkje er nokon spesifikk trusselsituasjon mot denne kampen, men at MFK sjølvsagt har berekskap slik at tilskodarane skal kunne føle seg trygge.

Ola Kamara

Heimepublikum blir bedne om å møte opp tidleg.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Vi har fått rapportar om det som skjedde i sentrumsgatene i Amsterdam, men vi skal ta imot dei med respekt og skal legge godt til rette for ei roleg avvikling av kampen.

Han seier at beredskapen uansett er på plass, og oppmodar eigne tilhengarar til å møte tidleg og ikkje ta med seg bagar eller liknande til kampen.

– Då går klareringa inn til stadion raskare, og vi unngår kødanning ved portane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL