Hopp til innhold

– Framleis usikker på kva eg skal stemme

Berre timar før vallokala stengjer er mange framleis usikre på kva parti dei skal stemme på. Éin av ti ventar heilt til valdagen med å bestemme seg.

Elisabeth Myrvågnes

Elisabeth Myrvågnes frå Ålesund er blant dei 10 prosenta i Noreg som ikkje bestemmer seg før på valdagen for kva parti ho skal stemme på.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Vallogo

Ein lang valkamp er over og politikarane kan ikkje anna enn å sette seg ned og vente på at stemmene strøymer inn. Men sjølv kor mykje politikarane har stått på og debattert, levert ut partiprogram og kome med lovnadar, er det mange veljarar som framleis ikkje har bestemt seg for kva parti dei skal stemme på.

Éin av ti ventar heilt til valdagen med å bestemme seg, ifølgje valforskarar, og måndag ettermiddag var det mange på gata i Ålesund som framleis var usikre.

Vanskeleg val

– Eg har ikkje bestemt meg heilt. Det står mellom eit par parti, seier Elisabeth Myrvågnes, som skal avlegge si stemme i Ålesund.

Stemmeavlukke

Nokre bruker lengre tid i røysteavlukka enn andre. Ikkje alle har bestemt seg før valdagen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Det er ikkje slik at eg ikkje har anelse i det heile tatt, men eg er framleis litt usikker, ja.

Valforskarar undersøkjer alltid kor lenge før valet veljarane bestemmer seg. Tilbake i 2005 var det endå fleire som venta lenge enn ved siste stortingsval. Heile 12 prosent sa då at dei avgjorde partivalet på sjølve valdagen.

I 2013 var det sju prosent av dei som stemte, som hadde bestemt seg same dagen.

– Då blir det lite gjennomtenkt

Annie Storaune

Annie Storaune trur valet blir lite gjennomtenkt dersom ein ventar heilt til valdagen med å bestemme seg.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Jon Erik Aksnessæther

Jon Erik Aksnessæther bruker oftast å førehandsstemme.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Annie Storaune frå Ulsteinvik har bestemt seg for lenge sidan og forstår seg ikkje heilt på dei som ventar heilt til valdagen med å bestemme seg for kva parti som får stemma deira.

– Eg har aldri synest det har vore vanskeleg å bestemme kva parti eg skal stemme på. Om ein ikkje bestemmer seg før på valdagen, trur eg valet blir lite gjennomtenkt.

Medan somme er usikre fordi dei har flytta til ein ny kommune og synast det er vanskeleg å orientere seg når det gjeld lokale politiske saker, synast andre at det generelt er vanskeleg å skilje mellom dei ulike politiske partia.

Mange har likevel visst lenge kva dei stemme på. Jon Erik Aksnessæther i Ålesund er éin av dei og han valde å førehandsstemme.

– No føler eg det er på tide med eit skifte her i byen, men mange er nok veldig usikre på kva dei skal stemme på.

– For mykje løgn og fanteri

Ved vallokalet på rådhuset i Ålesund har det heile dagen vore ein jamn straum av veljarar som har gått inn i stemmeavlukka, nokre har brukt lenger tid bak gardinene enn andre.

Anna Haugen og Emma Molnes

Anna Haugen og Emma Molnes stemplar valsetlar i vallokalet på rådhuset i Ålesund.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Jack Henriksen er for ein veteran å rekne når det gjeld å stemple stemmesetelen sin og putte han i kassa.

Har du visst lenge kva parti du vil stemme på?

– Ja. I 70 år.

Kva er grunnen til at mange ventar med å bestemme seg?

– Der er for mykje å forhalde seg til. Og så er der for mykje løgn og fanteri i politikken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL