Hopp til innhold

– Førsteprioritet er at dei kjem til ein plass der dei er trygge

På Sunndalsøra arrangerer innbyggarane ein rekke aksjonar for å få heim flyktningbarna Farid og Farhad, som i fjor vart flytta frå Sunndal og sendt ut av landet.

Sunndalsguttene Sunndalsguttene

FLYKTNING: Farhad (12) vart utvist frå Norge i fjor. No er han igjen på flukt frå krig i Afghanistan.

Foto: MARIANN DYBDAHL / Adresseavisen

Førre veke kunne ein lese om flyktningbarna Farhad (12) og Farid Rahimi (16), og faren deira sin dramatiske flukt frå krig og fattigdom. Ein dag i september i fjor da familien sat og åt middag vart dei henta av norske myndigheiter. To dagar seinare var dei tilbake i Kabul. Verken Farhan eller Farid kunne språket.

Familien budde over fire år i Noreg før dei vart sendt ut. Dei to gutane gjekk på skule, var aktiv fotballspelar og hadde mange venner i Sunndal. No er familien igjen på flukt. Det har vekt eit stort folkeleg engasjement i nordmørskommunen.

– Førsteprioritet er at dei er trygge og at dei kjem til ein plass der dei kan vere trygge. Men det mest gledelege hadde vore å få dei heim. Det vil både vi og gutane, seier Eva Harriet Dahl, leiar i aksjonsgruppa.

Fakkeltog og innsamlingsaksjon

Ein rekke innbyggarar i Sunndal har no gått saman for å organisere fleire organisasjonar.

– Torsdag kveld arrangerer vi fakkeltog og i morgon er det konsert med lokale musikarar. Det er viktig å poengtere at dette ikkje berre er for Rahimi-familien, men også for flyktningsaka generell, seier Dahl.

I tillegg til dette blir det arrangert auksjon på nett til inntekt for familien, med kunstverk gitt av lokale kunstnarar og kronerulling og innsamling som vil gå til gutane og familien deira.

Det har også blitt starta ei eiga facebookside kalla: «Farid og Farhad Rahimi med familie. Spontan innsamlingsaksjon» med ønske om å hjelpe gutane og familien deira.

Vil ha gutane heim

Guttane fekk saka si tatt opp igjen som nokon av dei 80 lengeverande asylbarna etter at dei blei sendt ut frå Norge. Dei fekk ikkje opphald, og ein del av argumentasjonen var at gutane «ikkje hadde god nok tilknyting til Norge». Det meiner Dahl er feil.

– Det reagerer vi sterkt på. Dei budde her i fire år og vi meiner at dei var godt integrerte i lokalsamfunnet, seier ho.

Håpet er no at Utlendingsnemnda (UNE) skal vurdere saka til Rahimi-søskena på nytt.

– Eg er lærar i klassa som Farhad skulle ha gått i og vi har sendt brev både til statsministeren, justisministeren og kontakta ein rekke politikarar og stortingsgrupper i håp om at det kan gjere ein forskjell, seier Dahl.

Elevane på Tredal skole i Sunndal har skrevet song til sin tidlegare klassekamerat Farhad, og hans bror, som nå er på flukt i Europa. Video: Trude Folde

Elevane på Tredal skole i Sunndal har skrive song til sin tidlegare klassekamerat Farhad, og hans bror, som no er på flukt i Europa. Video: Trude Folde.