NRK Meny
Normal

–Forsikringsselskapa kan ikkje fri seg frå ansvar

Forsikringsselskapa vurderer å nekte å forsikre eigedomar i utsette område. Ørstaordføraren meiner at så lenge lovene er følgt, må forsikringsselskapa ta rekninga.

Bilen fikk hard medfart

I november 2013 gjekk det eit jordskred på Vartdal i Ørsta. Kommunen er ein av dei mest rasutsette i landet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Etter ein kraftig auke av utbetalingar etter naturkatastrofar, vurderer forsikringsselskapa å nekte å forsikre eigedomar i utsette område. Ifølge ei nasjonal kartlegging av flaum og ras bor opp mot 160 000 nordmenn i potensielt farlege område.

Ørsta er ein av dei mest rasutsette kommunane i landet. Mange bustadhus, industribygg og hytter ligg midt i dei skredutsette områda, viser ein fersk rapport frå NVE. Opp gjennom åra har det gått ei rekkje skred i kommunen.

– Vi held oss til reglane som finst og gir berre løyve til å byggje der det er trygt. Forsikringsselskapa må jo forsikre dei som bygg innanfor desse områda, seier ordførar Rune Hovde (H).

LES OGSÅ:

Betre oversikt

Rune Hovde

Ordførar i Ørsta, Rune Hovde, meiner at så lenge kommunen held seg til reglane og gir byggeløyve der det er trygt, må forsikringsselskapa ta ansvar når det skjer noko.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kommunen har ikkje berre opplevd skred. Ørsta ligg også utsett til for ver og vind. Ordføraren meiner at Ørsta kommune er den mest oppdaterte i heile landet på risikoen for skred.

– Det blir jo ikkje farlegare å bu på ein plass enn det var før kartlegginga. Sjansen for at det kjem ein storm eller går eit ras er jo same som før, men vi har betre oversikt enn vi nokon gong har hatt, seier Hovde.

Tene pengar

Han meiner det er feil at forsikringsselskapa i framtida kanskje legg ansvaret over på kommunen.

– Forsikringsselskapet kan ikkje berre la andre ta over ansvaret dersom det ikkje er ein reell auke i faregrad. Eg kallar ikkje utspelet for tullete, men vi har ulikt utgangspunkt. Forsikringsselskapet skal tene pengar, seier Hovde.