Hopp til innhold

Meiner helseføretaket er tent med ein ny styreleiar

Det kan vere fornuftig at styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, trekkjer seg etter alt bråket. Det meiner redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse.

Magne Lerø

Magne Lerø er redaktør i Ukeavisen Ledelse. Han trur det er vanskeleg å kome vidare i sjukehussaka med dei same personane.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Stein Kinserdal

Stein Kinserdal, styreleiar i Helse Møre og Romsdal, vil bruke jula på å vurdere om han skal trekkje seg frå stillinga.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Sjukehusstriden i Møre og Romsdal tar ikkje juleferie. Søndag hadde styret i Helse Møre og Romsdal eit hastemøte over telefon for å bli orientert om den juridiske vurderinga av tomtevedtaket, der Molde vart valt til fordel for Kristiansund. Skuldingane om korrupsjon og press har hagla. Advokatfirmaet Thommessen konkluderer med at det mest truleg har skjedd eit brot på helseføretakslova med forsøk på eigarstyring, men at det ikkje har hatt praktiske konsekvensar for vedtaket. Helseminister Bent Høie avviser at han har gitt signal om at han ynskte at sjukehuset skal plasserast i Molde.

Fornuftig å trekkje seg

Styreleiar Stein Kinserdal vil bruke jula på å tenkje om han bør trekkje seg. Det meiner redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse er ein god ide og eit teikn på at Kinserdal tar ansvaret alvorleg.

– Det kan vere fornuftig å trekkje seg. No er det skapt så sterke spenningar og sår. Det er eit problem å kome vidare med dei same personane, seier Magne Lerø.

Han trur helseføretaket kan vere meir tent med ein ny styreleiar som kan sjå saka med nye auge og byggje bruer.

Uvanleg å gå ut slik

Kinserdal sa til NRK søndag at han ikkje hadde fått signal frå Helse Midt-Noreg om at han bør gå av. Han vil ha ein tett dialog med dei.

– Det er litt uvanleg at han går på den måten og seier at han skal snakke med Helse Midt-Noreg. Ein plar vanlegvis ikkje snakke om si eiga stilling slik. Det må vere fordi han er i tvil og tyder på at han er på veg ut, seier Lerø.

Dagane framover vil vise om han framleis har tillit, meiner redaktøren.

At Kinserdal vurderer å trekkje seg kom svært uventa på fleire av styremedlemmane i Helse Møre og Romsdal.

Vanskeleg situasjon

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, seier at Kinserdal har kome i ein vanskeleg situasjon og at han delvis har skulda for det sjølv, sett utanfrå. Takvam viser til epostutveklsinga som vart kjent søndag. 4. desember sende Kinserdal epost til Astrid Eidsvik der han skreiv at han tilfeldigvis fekk eit minutt med helseminister Bent Høie, som lét det skine gjennom at Hjelset var det opplagde valet. Høie kjenner seg ikkje att i innhaldet i eposten. Kinserdal seier han gjekk for langt då han skulle referere kva helseministeren hadde sagt.

– Den epostutvekslinga i seg sjølv verkar uryddig. Det same gjeld gjennomføringa av det ekstraordinære styremøtet søndag, seier Takvam.

Han trur at det som trugar heile sjukehusprosessen ikkje først og fremst er det juridiske, men det politiske og legitimiteten for vedtaket.