Norskeigde bedrifter vil ha vilkår på lik linje med det utanlandskeigde bedrifter har og ber politikarane lytte i valkampen.På Sunnmøre er Ulstein-familien uroa over om ein fjerde generasjon kan drive konsernet i framtida.
Verdiskaping
Med ein delegasjon frå Arbeidarpartiet på besøk på verftet, nytta syskena Ulstein høvet til å seie kva dei meiner om den norske formueskatten.
Gunvor Ulstein peikar på kor viktig norskeigde selskap er for samfunnet.
Foto: Arne Flatin / NRKTore Ulstein vil fjerne formueskatten for å få betre vilkår.
Foto: Arne Flatin / NRKDen tredje generasjonen med eigarar i Ulsteinkonsernet vil ha formueskatten fjerna, og det kjapt.
– Vi prøver å vise den verdiskapinga og det ønsket om å skape arbeidsplassar private norske eigarar utgjer, seier Gunvor Ulstein, og peikar på kor viktige dei er for samfunnet i forhold til utanlandskeigde selskap.
– Situasjonen er svært krevjande
Store delar av formueskatten går til kommunane, og regjeringspartia ønsker i første omgang å redusere skatten.
Tore Ulstein vil ha fjerna formueskatten for å få betre vilkår, og argumenterer med at situasjonen for den maritime næringa vil verte endå tøffare framover.
– Situasjonen vert svært krevjande. No er det viktig at vi klarer å ta dei grepa som trengst for at vi skal vere i posisjon til neste oppgang.
No vil dei gå gjennom heile kostnadsstrukturen og sjå på korleis dei kan auke aktiviteten i dei ulike ledda i organisasjonen.
– Det er ikkje er berre verftsindustrien som kjenner dette på kroppen, det er heile den maritime næringa, poengterer Gunvor Ulstein.
Villege til å sjå på omlegging
Ordførarkandidat Magne Grimstad (Ap) i Ulstein
Foto: Arne Flatin / NRKVerftseigarane får til ein viss grad støtte frå ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet i heimkommunen, Ulstein, Magne Grimstad.
– Problemstillinga for dei er at når naboen, Rolls Royce, ikkje betaler ei krone inn i fellesskapet i form av formueskatt, så reagerer dei negativt på det.
Grimstad seier at Ulstein Arbeidarparti har vore villege til å sjå på ei omlegging av formueskatten gjennom skattereforma.
Høyr kva politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, meiner om kravet frå Ulstein-familien: