NRK Meny
Normal

– Forlatt grillkôl på badestranda er farleg

Fem år gamle Marius Bjørneset Steen fekk andre grads forbrenning i ein fot då han leika på ei av dei mest kjende badestrendene i Ålesund. Andre badegjestar hadde forlatt brennande grillkol der barn leika.

Marius Bjørneset Steen

Marius Bjørneset Steen (5) har eigentleg slutta å sitje i vogn for lenge sidan. Men etter at han trakka på eit forlatt grillbål fekk han ein alvorleg brannskade under heile høgre foten.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Det var ein av dei finaste sommardagane på Sunnmøre dette året. Familien Bjørneset Steen skulle eigentleg reise på ferie.

– Det blei så fint vêr. Så vi tok oss ein tur på stranda for å bade. Eg sat på land medan ungane leika seg i fjøra, fortel Olaug Bjørneset.

– Han hadde trakka på eit bål

Mor og dei to barna var på Emblemssanden heile dagen. Då det gjekk mot slutten av opphaldet skulle barna rydde.

– Etter kvart gjekk eg ned til stranda for å hjelpe dei med å rydde det aller siste. Då såg eg at Marius stod og gret. Og plutseleg skjønte eg at han hadde trakka i eit bål, fortel Bjørneset.

Brannskadd fot

Marius Bjørneset Steen fekk andre grads forbrenning då han trakka på grillkolet som nokon hadde latt ligge på stranda.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Marius (5) hadde fått andre grads forbrenning. Mor fekk sonen raskt ut i det det kalde sjøvatnet for å kjøle ned skaden. Folk kom springande til for å hjelpe, og storebror ordna med bøtte og kaldvatn slik at foten blei halden kjølig heile vegen til legevakta.

Fem år gamle Marius Bjørneset Steen hadde trakka på glødande grillkôl som nokon hadde forlate på badestranda.

– Det er ein alvorleg brannskade. Vi veit ikkje korleis det går. Men han kan ikkje bruke foten på fire veker, fortel Bjørneset.

På sjukehus

Marius på sjukehus

Her er Marius Bjørneset Steen på Ålesund sjukehus med andregrads forbrenning.

Foto: Privat

Det finst ikkje nokon statistikkar som viser kor vanleg det er at barn og vaksne trakkar på gjengløymde grillar på badestrendene. Men på legevakta i Ålesund får vi stadfesta at det slett ikkje er uvanleg at dette skjer i grillsesongen.

– Folk må tenkje og sørge for å sløkke grillane sine. Dette skjedde også med mi eiga dotter. Det var også på Emblemssanden, fortel sjukepleiar på legevakta i Ålesund, Annette Remme.

Også Brannvesenet er opptekne av at folk må sørge for å sløkkje grillar skikkeleg før ein forlèt dei. Det er i første rekkje den generelle brannfaren brannvesenet åtvarar mot. Men dei viser også til at både barn og vaksne blir skadde i kontakt med glødande grillkol kvart år.

– Her må folk utvise sunn fornuft. Det handlar om å sløkkje når ein er ferdig, seier brigadesjef Vidar Bakke.

Emblemsanden

Dette er Emblemsanden, ei av dei mest kjende badestrendene i Ålesund. Olaug Bjørneset tok dette biletet like før sonen Marius trakka på det glødande grillkolet på stranda.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Andre må sleppe dette

Olaug Bjørneset arbeider som journalist hos NRK Møre og Romsdal. Dette er imidlertid eit tips NRK Møre og Romsdal ville ha gått vidare med uansettkven kjelda var. Og Olaug Bjørneset er tydeleg på at ho går ut med saka i håp om at andre skal sleppe å oppleve noko liknande.

– Eg vil berre få sagt at folk må ikkje forlate grillane sine så lenge det er fyr i kôlet. Og så må både vi foreldre og ungane også passa på når vi går berrføtt, seier Olaug Bjørneset.

Marius - brannskadd fot

Slik ser foten ut etter at Marius Bjørneset Steen (5) trakka på det forlatte bålet på Emblemssanden.

Foto: Privat