Hopp til innhold

– Forholda er perfekte etter ein storm

På Farstadsanden i Fræna hadde nokre kitarar valt å utnytte det meste av restane etter ekstremvêret «Ole» som slo inn over store delar av landet i går.

Kitere på Nordmøre.

SJÅ VIDEO: Wojciech Ulatowski og Dariusz Smigiel storkosa seg i den sterke vinden på Farstadsanden i Fræna søndag. FOTO/REDIGERING: Roar Strøm.

På Farstadsanden i Fræna var det søndag ettermiddag full aktivitet på sjøen. Til trass for regn og kraftig vind var Wojciech Ulatowski og Dariusz Smigiel godt i gong med ein av dei aktivitetane dei likar aller best, nemleg kiting.

– Store bølger og heftig vind, det er rett og slett fantastiske forhold ute på sjøen, seier Dariusz Smigiel med eit stort smil medan han prøvar å halde fast i kiten.

Perfekte forhold

Dei to hadde tatt turen til Farstadsanden frå Kristiansund, der dei til vanleg jobbar, for å kunne utnytte det meste av den vindfulle søndagen.

kiting

Her kosar Wojciech Ulatowski seg på sjøen.

Foto: Roar Strøm / nrk

Ekstremvêret «Ole» trefte store delar av landet i går, og ifølgje Ulatowski er det spesielt viktig å nytte seg av kitemoglegheitene etter ein slik storm.

Det er nemleg svært gode kiteforhold på slike dagar.

Og medan vinden bles friskt var dei to i gang med hopp og triks ute på sjøen. Verken regn, kulde eller vind kunne stoppe dei to kiteentusiastane.

– Stormen i går gjer at bølgene blir ekstra store. I tillegg blir det mykje vind. Det er rett og slett heilt perfekte forhold her i dag, seier han.

Smigiel er samd.

– Det er kjempegøy når det er så mykje vind som det er i dag, seier han.

Kiting

Polske Wojciech Ulatowski og Dariusz Smigiel storkosa seg i vinden på Farstadsanden søndag.

Foto: Roar Strøm / nrk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no