Hopp til innhold

– For dårleg beslutningsgrunnlag

Protokollen frå drøftingane mellom fagorganisasjonane og leiinga i Helse Møre og Romsdal viser stor uro i samband med nedskjeringane i føretaket. Dei tilsette viser til tidspress og etterlyser meir involvering.

Ifølgje drøftingsprotokollen blei det hevda at beslutningsgrunnlaget for å legge ned rehabiliteringssentra i Aure og på Mork ikkje er tilstrekkeleg.

Det blir også hevda at det ikkje klart med nok kompenserande tiltak i samband med forslaga om nedlegging.