Hopp til innhold

– Folk burde bli meir rause

Tore Barstad, styrkesjef på det norske skipet Siem Pilot, let seg provosere av dei som meiner at Noreg ikkje burde hjelpe til med flyktningsituasjonen i Middelhavet.

Ålesundaren Tore Barstad var sjef for den norske operasjonen som nesten 1200 flyktningar i Middelhavet sist månad. No ferierer han på heimlege trakter, før han returnerer til nye, krevjande oppdrag.

Sjå tv-saka: Tore Barstad, styrkesjef på det norske skipet Siem Pilot, tek ei fortent pause heime i Ålesund. I september reiser han ned att til Middelhavet. Foto/redigering: Hans-Olav Landsverk.

Siem pilot

Siem Pilot har sidan 12. juni redda 1.187 flyktningar og migrantar i havsnød i Middelhavet.

Foto: Kripos / NTB scanpix

Ålesundaren Tore Barstad var sjef for den norske operasjonen som redda nærare 1200 båtflyktningar sist månad.

No ferierer han på heimlege trakter etter nokre krevjande månader i Middelhavet.

– Vi skal vere så glad for at vi bur i eit demokratisk land som Noreg og har dei rettane og den fridomen det gir oss. Vi burde vere meir rause, seier han.

– Dei har ikkje sett det vi har sett

Den 46 år gamle styrkesjefen er stolt og fornøgd med det han og mannskapet har fått til i løpet av tida i Middelhavet, men vedgår at presset har vore stort.

Styrkesjef Tore Barstad

Ålesundaren Tore Barstad har vore styrkesjef på det norske skipet Siem Pilot.

Foto: Kripos

– Det var vore eit veldig stort ansvar å leie styrkane der nede, men eg meiner at vi har gjort ein viktig jobb. Vi tek ikkje stilling til kva status båtflyktningane skal ha og om dei fortener opphald. Mi oppgåve er å berge liv, seier han.

Barstad fortel vidare at målet deira har vore å avdekke bakmenn til menneskesmuglinga. Han meiner likevel at det er viktig å delta i redningsaksjonar til trass for at kriminelle personar står bak.

– Vi løyser ikkje migrasjonstraumen med å vere i Middelhavet, det er ikkje oppdraget vårt. Oppdraget vårt er å sørge for at ingen druknar. Folk kjem til å forsøke og krysse havet uansett om vi er der eller ikkje, seier han.

Styrkesjefen let seg provosere av nettroll og andre som meiner at Noreg burde trekke seg ut av operasjonane i Middelhavet.

– At nokon kan sitte her heime i Noreg å seie at vi berre skal la dei døy, er heilt uforståeleg. Då har dei ikkje sett det vi har sett, dei anar ikkje kva dei snakkar om, seier Barstad.

Skal gjere Noreg stolt

Styrkesjefen frå KRIPOS håper han kan få nokre avslappande dagar før hardkøyret tar til igjen.

Siem Pilot

I juni redda Siem Pilot cirka 700 båtflyktningar på veg over Middelhavet i to overfylte trebåtar.

Foto: Kripos / NTB scanpix

I september returnerer han til nye, krevjande oppdrag i Middelhavet.

– Det blir sjølvsagt utfordrande, men eg gler meg til å møte mannskapet igjen, dei har gjort ein fantastisk jobb, seier Barstad.

Han er spent på korleis situasjonen vil utvikle seg i Middelhavet, men er førebudd på å gjere jobben sin.

– Uansett kva som skjer, så skal vi yte ein innsats som Noreg blir stolt av, seier Barstad.