Hopp til innhold

Folk tett i tett på Vigra – burde vore stoppa

Passasjerane stod altfor tett i ankomsthallen.

Tett med folk, Vigra lufthamn

Det er få som held avstandsreglane på dette bildet.

Foto: Tipsar

I ein full hall på Ålesund lufthamn Vigra stod folk svært tett inntil kvarandre fredag kveld. Denne kvelden før palmehelga landa det to innanriksfly og eitt frå Litauen i løpet av ein halvtime. Bildet viser at avstandsreglane ikkje blir følgde i bagasjehallen.

Det er lagt ut bilde av den tette menneskemengda på sosiale medium. Fleire kommenterer dette.

«Sløvt!» og «Er det mogeleg?» skriv nokre.

Lufthamnsjef Tor Hånde

Lufthamnsjef Tor Hånde vedgår at ting kunne vore gjort annleis fredag kveld.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Lufthamnsjef Tor Hånde i Avinor seier til NRK laurdag at passasjerane på det siste flyet ideelt sett burde blitt stoppa.

– Dei burde ha venta utanfor.

– Kunne flyselskapet bestemt dette?
– Ja, men dei har ikkje eigne folk på flyplassen.

Tett på Vigra

Også onsdagskvelden stod folk trongt på Vigra.

Foto: NRK-tipsar

Utanlandsterminalen var i bruk

På Vigra opnar dei utanlandsterminalen når det er stor innanlandstrafikk. No var denne allereie i bruk.

– I ettertid kan eg seie at passasjerane på det tredje flyet burde blitt stoppa. Men det vart ikkje gjort, seier Hånde.

Fly

Det kom tre fly til Ålesund lufthamn Vigra i løpet av 35 minutt fredag. To innanlandsfly og eitt frå Kaunas i Litauen.

Jogeir Ulstein

Flypassasjer Jogeir Ulstein ser ikkje på dette som nokon enkeltepisode.

Foto: Privat

– Dette er ikkje nokon enkeltepisode, seier Jogeir Ulstein. Som sjømann reiser 41-åringen rundt om i verda. Onsdag kveld klokka 18 var han i ankomsthallen på Vigra. Det kom passasjerar frå to innanlandsfly.

– Også då stod folk som sild i tønne. Eg trur Vigra er blant dei som er dårlegast på dette, seier ulsteinvikaren til NRK.

– Flyplassane bestemmer

SAS-fly

– Avinor kunne løyst dette på andre måtar, seier Frode A. Kjonerud i SAS Ground Handling Stasjonssenter på Gardermoen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Frode A. Kjonerud i SAS seier at kvar flyplass kan regulere sin eigen trafikk. Han er leiar for SAS Ground Handling Stasjonssenter på Gardermoen.

Han seier til NRK at flyselskapa ikkje har oversikt over dei andre selskapa sine ruteprogram, og at det er Avinor som har tilgang til passasjerprognosane.

– I dette tilfellet var det inga regulering. Avinor kunne valt å finne ein eigna ventestad. Dei kunne også latt flyet vente med passasjerane ombord, men det ville sjølvsagt ha påverka avgangstrafikken.

Ålesund lufthamn Vigra

Lufthamnsjefen ser i ettertid at dei siste passasjerane burde venta.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Lufthamnsjef Tor Hånde seier at dei har forholdsvis lite plass på Vigra, og at dette kan skape utfordringar.

Denne gongen skapte det trengsel i hallen – og ikkje minst sterke reaksjonar på nettet.