Hopp til innhold

– Flexx er ikkje noko godt namn

Snart får heile landet ta i bruk den offentlege transportordninga Flexx. Men Språkrådet syns det er underleg at fylkeskommunane vil gje ordninga eit namn som bryt med norsk rettskriving.

Fram Ekspressbuss

Møre og Romsdal fylkeskommune har samla kollektivtransporten under merkevaren FRAM. Bestillingsordninga heiter FRAM Flexx.

Foto: Pressefoto / Møre og Romsdal fylkeskommune

Det heile byrja i Østfold. Gjennom dei fylkeskommunale selskapa Flexx kan reisande bestille transport etter behov. Finnmark har innført ordninga og Møre og Romsdal har hatt ordninga på prøve.

No står fleire fylke i startblokka og vil innføre Flexx for bestillingstransport.

– Flexx er slett ikkje noko godt namn. Éin X er tvilsamt nok, men to x-ar høyrer ingen stad heime, seier rådgjevar i Norsk språkråd, Bård Eskeland til NRK.

– Staten kunne ikkje ha gjort dette

FRAM Flexx

På nettsidene vert namnet skrive FRAM Flexx. På plakatar står heile namnet med store bokstavar.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Dersom det var Staten som skulle drive busstransport i Noreg, hadde dei ikkje fått lov til å bryte med norsk rettskriving. Då hadde språkrådet gjeve beskjed om at namnet måtte endrast.

Det norske språkrådet kan berre gje råd og ikkje pålegg til kommunar og fylkeskommunar om dei ikkje sjølve har forplikta seg til å følgje norsk rettskriving. Der er det svenske språkrådet langt meir radikalt. Dei hadde truleg støtta folk som ville velje å følgje rettskrivinga i kommunikasjonen med eit slikt offentleg selskap, seier Eskeland.

Møre og Romsdal fylkeskommune har samla kollektivtilbodet på veg og sjø under merkevara FRAM. Og bestillingstilbodet blir heitande FRAM Flexx, der FRAM blir skrive med berre store bokstavar og Flexx med stor F og to x-ar.

Dette blir mykje for folk å bale med. Og det hadde vore interessant å vite korleis dei meiner at to x-ar skal uttalast. Vi er skeptiske til dette, og det er nok upraktisk i bruk, seier Eskeland.

Omfattande diskusjon

Språkrådet har vore i dialog med ei rekkje offentlege institusjonar om språkbruk og namnesetjing, utan alltid å nå fram. Staten skal følgje norsk rettskriving. Likevel heiter framleis det framleis Noregs Bank, med stor B, sjølv om rettskrivinga tilseier liten B,

Språkråd vil at NAV skal skrivast Nav og reagerte sterkt på det dei kallar «pukkelord» som StatoilHydro. I Trøndelag har det på same vis stått strid om namnet TrønderEnergi.

Ingen språkdiskusjon

I Møre og Romsdal ser det ikkje ut til å ha vore nokon språkleg diskusjon under innføringa av namnet FRAM Flexx.

– Vi brukar konseptet som er innført i Østfold. Der er dette godt innarbeidd, seier seksjonsleiar for marknadsarbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune, Konrad Lillevevang til NRK.

Han legg vekt å gjenkjenningseffekten og at andre fylkeskommunar også vil organisere bestillingstransporten på same måte.

– Toget gått?

Språkrådet oppmodar no fylkeskommunane om å diskutere namnevalet før det vert landsomfattande.

– Om dette blir landsomfattande bør fylkeskommunane diskutere namnet med kvarandre. Ein idé kunne vere å byggje på bestilling eller tilkalling slik at det vart litt meir informativt. Men det toget er kanskje gått, seier Eskeland.