– Fleire burde satse på eple

Alle typar eple, ja, dei som er stygge og små også, kan bli fantastisk god juice. I Tingvoll brenn dei for at folk skal utnytte ressursane frå eigne hagar.

Eplepressing på norsk senter for økologisk landbruk

Ved hjelp av ei slik eplepresse kan eple som i dag rotner bort bli til førsteklasses juice. Dette burde fleire nytte seg av, meiner Anita Land som viser store og små korleis man gjer dette.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Epler

Stor interesse gjorde at det blei lage køsystem. Alle fekk ta med 15 kg eple kvar.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Anita Land

Anita Land meiner det ligg eit potensial i å satse på å presse eple.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Fleire burde satse på eple, seier Anita Land som jobbar på Norsk senter for økologisk landbruk i Tingvoll. Her strøymer folk til for å få pressa eple frå hagane sine.

Denne dagen har dei fått låne to eplepresser med to privatpersonar, og inviterer alle som vil til å komme til Økoparken i Tingvoll for å presse juice ut av epla sine.

– Først kverner vi epla, så har vi dei i ei eplepresse. Då får vi veldig mykje saft av epla, fortel Anita Land.

Av 15 kilo eple kan ho få ut 10 liter saft, alt etter kor store eple ho pressar.

– Skal ein bevare eplesafta lenge bør ein enten pasteurisere eller fryse ho ned, seier ho

Les også:

norsk senter for økologisk landbruk i Tingvoll

Eplepressing er ein av mange aktivitetar som har vore på norsk senter for økologisk mat i Tingvoll denne veka. Øko-veka som har vore over heile landet vil sette fokus på eit berekraftig landbruk og økologisk mat.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Vil ha fleire eplepresser

Sjøv om det var langt meir vanleg før, dukkar det no opp fleire stadar, som i Molde, tilbod om å levere inn epla sine til pressing. Anita Land håper dette er ein trend som vil vekse.

Fersk eplesaft

Eplesaft smaker forskjellig frå år til år og avhengig av kva type eple man bruker.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg trur folk vil betale for å få presse epla sine. Vi burde ha eigen smakedag på eplesaft slik som ein har på vinsmaking. Potensialet for denne sunne og gode råvara er stor, seier ho.

Sjølv bruker ho å få låne seg ei eplepresse og lagar mellom 150 til 200 liter eplejuice kvart år. Med det så gjer ho óg unna ein viktig del av julehandelen.

Line Lønning Andresen har fått pressa saft

Line Lønning Andresen tok med med 10 kg eple som ei venninne hadde i hagen og har fått cirka 7 liter saft ut av det.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Runar Aasgård frå Tingvoll

Runar har veldig mykje eple i hagen. Sjølv om han lar folk få komme inn å hente eple som dei vil ha, er det vanskeleg å bruke opp alt seier han.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Tantebarnet mitt seier kvart år at han ønsker seg eplesaft til jul, så veldig mange får nok eplesaft i julegave av meg i år også, røper ho.

Skal heim og smake

Ei av mange som har komme for å presse eple i Tingvoll er Line Lønning Andresen frå Kristiansund.

– Dette er kjempekjekt! Det er eit veldig bra tiltak at vi kan kome hit og få pressa epla. No gler eg meg til å smake på dette saman med venninna mi, smiler ho.

Ein annan som har mykje eple i hagen er Runar Aasgård, som bur i Tingvoll. Han har invitert fleire til å plukke og til å lage seg saft.

– Det er første gong eg prøver dette, så eg er spent på resultatet, seier han.